peoplepill id: tarjei-midbo
TM
2 views today
2 views this week
The basics

Quick Facts

Gender
Male
Birth
Death
Age
81 years
The details (from wikipedia)

Biography

Tarjei G. Midbø (1828–1909) var ein spelemann, bygdepolitikar og kyrkjesongar frå Lårdal i Telemark.

Tarjei var fødd i Bandaksli, og var husmannsson. Trass i dette vart det tidleg røynd at han var gåverik, og fekk seminar i Kviteseid, seinare på Holt. Sidan vart han tilsett som lærar i Eidsborg og Lårdal, først ved omgangsskulen, seinare ved den faste grendeskulen i Lårdal. Elles var Tarjei ein kjend kyrkjesongar, og budde lenge på klokkargarden Kvålo.

Myllarguten var mykje innom Lårdal i tida etter 1850, og Myllaren var ein god ven av Tarjei. Frå han fekk Tarjei Midbø mykje godt spel, som han seinare lærte vidare til eleven sin, Tarjei Tvigyva.

Attåt virket som spelemann, lærar og kyrkjesongar, sat Tarjei Midbø lenge i heradsstyret, var tilsett i forlikskommisjonen og fattigkommisjonen. Det vert óg fortald at han var ein dugande dansar. Trass i alle desse verva og stillinga i bygda fekk han vanskar med andre førande menn, og laut bryta opp. Han emigrerte til Amerika i 1873, og døydde der i 1909. I Amerika gjorde han seg kjend i det norske utvandrarmiljøet, og gav ut ei bok om Myllaren.

Virket til Tarjei Midbø minner noko om virket til læraren og folkeminnesamlaren Andris Vang frå Valdres.

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Tarjei Midbø is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Tarjei Midbø
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes