peoplepill id: tappelino
T
Norway
7 views today
7 views this week
Tappelino
Norwegian streamer and political pundit

Tappelino

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian streamer and political pundit
Places
Work field
Gender
Male
Place of birth
Oslo, Oslo Municipality, Norway
Age
27 years
The details (from wikipedia)

Biography

Benjamin Foss (fødd 13. januar 1998), kjend som Tappelino, er ein norsk streamer på YouTube. Foss vart i 2019 nemnd som ei av den nye generasjonenTV-stjerner samanlikna med tradisjonelt fjernsyn.

YouTube

Hovudkanalen TaPPeliNo hadde per april 2022 over 40 000 abonnentar. Tappelino har vorte omtalt som Noregs mest kontroversielle youtubar. Innhaldet til Foss på YouTube er komedie, satire og seriøse saker, desse kan òg overlappa kvarandre. Per april 2022 var hovudkanalen lagt på is.

Foss har ved tre høve vorte meld for truslar, trakassering og omsynslaus åtferd av Mia Landsem etter at han kritiserte henne. Alle meldingane vart lagde bort.

Streaming

Foss er permanent utestengd frå videostrømmingssplattformen Twitch. Foss sender direkte tre gangar i veka på youtubekanalen TappeStream. Innhaldet han strøymer er ofte knytt til nyheiter, diverse populærkultur, influensarar og politikk. I februar 2021 vart Foss utsett for «spoofing» medan han strøymde direkte på youtube, ved at nokon sende ein falsk bombetrussel frå Vipps-profilen til Foss.

Media

I oktober 2017 gjekk Dennis Vareide til sivilt søksmål for ærekrenking mot Foss. Saka gjekk i Oslo tingrett i januar 2018 og måtte haldast i sal 250 på grunn av mange frammøtte tilskodarar. Foss prosederte sjølv og meinte det var fordi han ikkje har råd til forsvarar. Advokat for Vareide var Jon Wessel-Aas. Dommar var Kim Heger. Oslo tingrett dømde saksøkte for ærekrenkingar ogtil å betala oppreisning på 50 000 kroner i tillegg til saksomkostningar på 90 000 kroner. Retten la vekt på at det på ingen måte gjaldt andre juridiske reglar for den typen videoar eller for YouTube eller andre sosiale medium generelt og at ein ikkje kunne komma unna å urettmessig skulda nokon for straffbar forhold under dekke av at det var satire.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Tappelino is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Tappelino
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes