peoplepill id: sverrer-hakon-harald-olaf-lundh
SHHOL
2 views today
10 views this week
Sverrer Hakon Harald Olaf Lundh
Businessman

Sverrer Hakon Harald Olaf Lundh

The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Sverrer Hakon Harald Olaf Lundh, vanlegvis omtalt som S.H. Lundh,(2. mars 1830–4. oktober 1921) var ein norsk forretningsmann som var ein «føregangsmann når det galdt å betra alle slag landbruksmaskinar og var på den måten i høg grad med å fremja norsk landbruk». Han var son til Gregers Fougner Lundh.

Liv og gjerning

S.H. Lundh var fødd i Christiania. Då far hans døydde, sat mora att med ansvar for 10 born. Seks år gamle Sverrer vart då send til ein prestefamilie og voks så opp i Gudbrandsdalen og seinare Valdres. I 1841 flytta han tilbake til familien i hovudstaden, med seg hadde han eit par ski og var ein av dei fyrste i Christiania som dreiv skiidrett.

Etter fire år på skule i hovudstaden, byrja Lundh som 16-åring å arbeide på Akers mek. Verksted. Eit års tid seinare gjekk han inn i Marine] og tok til som mekanikar på marineverftet i Horten. Til år 1855 var han maskinist om bord i marinefartøy. Han reiste då til Storbritannia og arbeidde på eit skipsverft i London og deretter i Glasgow. I Glasgow gjekk han på The Government School of Art and Design og fekk gullmedalje som beste elev ved skulen.

Frå 1868 dreiv S.H. Lundh maskinforretning, støypeverk og mekanisk verkstad i Kristiania. Dei neste tiåra spelte verksemda ei vesentleg rolle i å utvikle landbruksmaskinindustrien i Noreg. Han fekk ord på seg for å vere ein dyktig arbeidsgjevar, då hans eiga arbeidserfaring hadde positiv innverknad på dei tilsette i verksemdene styrte. Med sitt pågangsmot og ei ubøyeleg arbeidskraft ytte Lundh mykje til framgangen i norsk industri og landbruk.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Sverrer Hakon Harald Olaf Lundh is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Sverrer Hakon Harald Olaf Lundh
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes