Solveig Sindre
Quick Facts
Biography
Solveig Sindre (28. desember 1934–16. september 2010) var ein norsk lærar og forfattar. Ho var frå Lillehammer og busett i Markane i Stryn kommune. Sindre tok eksamen ved Volda lærarskule 1957, og var lærar i Hurum kommune fram til 1960, då ho flytta til garden Sindre i Markane saman med ektemaken Svein Sindre. Ho har arbeidd som lærar i Markane og i Stryn, og vore tilsett ved psykiatrisenteret på Nordfjordeid.
Sindre har gjeve ut «Kontraster – på søk i et ras-skadd hjernelandskap» (Vestlandsforlaget 1992), ei bok som ho skreiv etter å ha vorte råka av hjerneslag. «Levande røter» (Landbruksforlaget 1995) skildrar livet på ein Vestlands-gard, «Elle melle - Barnekår i skjebneår» (Dølaringen Boklag 1997) tek utgangspunkt i minne frå oppvekståra frå 1936 til 1950.
Bibliografi
Bøker
- 1992 – Kontraster : på søk i et ras-skadd hjernelandskap(Naustdal: Vestlandsforlaget) . ISBN 82-91236-00-3I fulltekst ved nb.no [Solveig Sindre, Finn Egil Eide]
- 1993 – "Kontraster : på søk i et ras-skadd hjernelandskap" : studiehefte(Oslo: Nasjonalforeningen for folkehelsen) . ISBN 82-91236-00-3I fulltekst ved nb.no [Utarbeidd av Solveig Sindre og Nasjonalforeningen for folkehelsen ; bilde: Finn Egil Eide]
- 1995 – Levande røter : "-slekt skal følge slekters gang-"(Oslo: Landbruksforl.) . ISBN 82-529-1658-9I fulltekst ved nb.no [Illustrasjonar av Kari Barstad]
- 1997 – Elle melle- : barnekår i skjebneår(Lillehammer: Dølaringen) . ISBN 82-90072-73-2I fulltekst ved nb.no [Illustrasjonar: Magne Kristiansen]