peoplepill id: rolv-straume
RS
Norway
3 views today
3 views this week
The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Rolv Straume (3. august 1882–25. februar 1982) var ein norsk lærar, ordførar og lokalhistorikar.

Straume var fødd i Gimsøy i Lofoten son av lærar Morten Edvard Robertsen-Strømme og Andrea Martinussen. Han gifta seg i 1908 med Andrea Aleksandra Haagensen (17.06.1889-31.12.1970), ho var dotter til Kristian Haagensen og Ellen Andersen. Dei fekk 3 barn.

Liv og virke

Rolv Straume gjekk ut av Tromsø lærarskole i 1903.

Rolv Straume var lærar i Balsfjord frå 1903-1904, deretter i Buksnes i Lofoten 1904-1913. Til Bø i Vesterålen kom han som lærar i 1913, og her var han fram til 1945. Han var også klokkar ved Bø kyrkje frå 1920 til 1945.

Rolv Straume var med både i ungdomslag og mållag. Han var formann i Buksnes ungdomslag i mange år. Og han var også kasserar i Hålogaland lærarmållag.

Rolv Straume var aktivt med i lærarorganisasjonane. Han var formann i Buksnes lærarlag i fleire år, og han var også lærarane sin representant i Buksnes skolestyre.Han var også styremedlem i Lofoten og Vesterålens krinslærarlag.Straume var formann i Bø lærarlag 1912-1923 og 1926-35. Frå 1931 til 1934 var han formann i Bø skolestyre.

Rolv Straume var formann i Bø arbeidarparti 1914-1923 og 1933-37. Frå 1932 til 1940 var han medlem av Bø heradstyre, og frå 1935 til 1940 var han ordførar i Bø herad. Han var også medlem i likningsnemnda, forliksrådet, styret for trygdekassa, og styret for Vesterålens Kraftlag.

Bø bygdebok

Då Rolv Straume gjekk av med pensjon, starta han med å samle inn stoff til ei bygdebok. Og i 1957 var han ferdig med det som skulle bli tre bøker. Men det tok enno nokon år før bøkene kom ut i 1962-1964.

Utmerkingar

  • Kongens fortenestemedalje, 1972.
  • Bø kommunes kulturpris for 1978.

Utgjevingar

  • Rolv Straume: Bø bygdebok, bind 1. Utgitt av Bø kommune, Tromsø 1962. 557 sider (Nynorsk) nb.no
  • Rolv Straume: Bø bygdebok, bind 2. Utgitt av Bø kommune, Tromsø 1963. 499 sider (Nynorsk) nb.no
  • Rolv Straume: Bø bygdebok, bind 3. Utgitt av Bø kommune. Stokmarknes Aktietrykkeri [1964]. 583 sider (Nynorsk) nb.no
  • Fleire artiklar i Håløygminne og Hofdasegl.

Referansar

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Menu Rolv Straume

Basics

Introduction

Liv og virke

Bø bygdebok

Utmerkingar

Utgjevingar

Referansar

Kjelder

Lists

Also Viewed

Lists
Rolv Straume is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Rolv Straume
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes