peoplepill id: peder-monrad
PM
Norway
3 views today
10 views this week
Peder Monrad
Norwegian priest

Peder Monrad

The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Peder Monrad (22. september 1781–3. august 1850) var ein norsk prest, fødd i Vinje i Telemark. Han deltok på stortinget i 1833, og var far til Marcus Jacob Monrad.

Monrad vart fødd i Vinje, der faren var sokneprest. Han vart student frå katedralskulen i Kristiansand i 1801 og cand. theol. i København i 1807. Same året deltok han i forsvaret av København. Dei neste åra budde han i Vinje, der han vart vald til forlikskommissær i 1808. I 1810 vende han tilbake til København for å søke prestekall, levde åra 1810-14 av å undervise. Han vende i 1814 tilbake til Noreg, budde då hos presten Jakob Wille på Nøtterøy. År 1816 vart han utnemnd til sokneprest i Mo i Telemark. Sidan var han sokneprest i Sande 1827, i Heddal frå 1828, og i Holla frå 1832. Til sist var han sokneprest i Moss frå 1836 til han døydde.

Monrad var oppteken av skulestellet og måtehaldssaka. Han vart innvald frå Bratsbergs amt til Stortinget i 1833, i opposisjon til statsrådet. Der gjorde han seg gjeldande som medlem av Lagtinget og formann i trykkekomitéen.

Han døydde i Kristiania i 1850.

Kjelder

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Peder Monrad is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Peder Monrad
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes