Ole Pedersen Indre-Svor
Quick Facts
Biography
Ole Pedersen Indre-Svor (1719–1765) var ein ugift bonde frå Hornindal kommune i Nordfjord. Han skreiv religiøse tekstar som vart gjevne ut i høvesvis 1809 og i 1811.
Bokhistorikar og litteratursosiolog Jostein Fet hevdar at Ole Pedersen Indre-Svor var den første bondediktaren på Nord-Vestlandet. Bondeskrivarane var ikkje isolerte, men ein del av det litterære feltet i Danmark-Noreg. Dei fekk impulsar frå det litterære livet til overklassa og blanda desse med lokale skrivetradisjonar i fortid og samtid.
Når det gjeld ordtilfanget til Ole Pedersen Indre-Svor lærte han av religiøse tekstar og av preikene til presten. Desse skilde seg frå kvardagsspråket, og var mykje meir symbolske og abstrakte, peikar Jostein Fet på. Døme på ord Indre-Svor brukte i visene og som ikkje kom frå dialekta er «hyrde, lidelse, ubestandighet».
Skiftet etter at han døydde syner at Ole Pedersen Indre-Svor eigde 10 bøker.
Bibliografi
- 1809 – En gudelig Psalme, uddragen af den hellige Skrivt. Under Melodie : Uden Herren opholder vort Huus(Egset, Volda: Sivert Aarflot Boktrykkeri) [10 sider. Til Trykken befordret og bekostet af Rasmus Rasmussen Svoor.]
- 1811 – En skiøn Aandelig Viise, hvorudi betragtes Menneskenes Ubestandighed i Verden, og siden evige Herlighed in Himmelen(Egset, Volda) [Og nu, mod en 50 Aar efter hans Død, paa ny til Trykken befordret og bekostet af Rasmus Rasmussen Svoor.]
Kjelder
- Jostein Fet (2003). Skrivande bønder : skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600-1850. Oslo: Samlaget.
- Carl Lauritz Lund-Iversen, red. (1990). Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986 med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz Lund-Iversen. Naustdal: Sogn og Fjordane forlag.
- Knut Svaar-Seljesæter (1946). Slekten Indre Svor, Hornindal. Bergen: Forlag ikkje oppgitt. s. 162.
Referansar
Bakgrunnsstoff
- Jostein Fet (1995). Lesande bønder : litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Oslo: Universitetsforlaget.