peoplepill id: ole-olsen-nauen
OON
Norway
5 views today
6 views this week
Ole Olsen Nauen
Norsk verkseigar og politikar

Ole Olsen Nauen

The basics

Quick Facts

Intro
Norsk verkseigar og politikar
Places
Work field
Gender
Male
Age
65 years
The details (from wikipedia)

Biography

Ole Olsen Nauen (21. juli 1866–10. desember 1931) var ein norskgardbrukar, verkseigar og politikar frå Sem i Vestfold. Han representerte Høgre på Stortinget i tre valbolkar i tida 1910-24.

Far til Nauen var gardbrukar og klokkestøypar. Ole Olsen Nauen sjølv fekk stipend for å studere klokkestøyping i Tyskland. Han tok over leiinga av klokkestøyperiet på Nauen i 1893 og styrte verksemda til 1925. Støyperiet voks mykje gjennom desse åra, og vart i praksis den einerådande leverandøren av kyrkjeklokker i Noreg. Han var også gardbrukar på farsgarden.

Nauen var med i heradsstyret i Sem i 24 år, ordførar i tre av åra og varaordførar i ni år. Elles var han åstadskommissær og styreleiar i den lokale sparebanken.

Valbolken 1910-12 var han varamann til Stortinget frå Jarlsberg krins, møtte 26. juni–8. august 1911 og 6. mai–4. juli 1912, begge gongane i staden for Christoffer Hannevig og som medlem i sosialkomiteen. På ny stortingsvaramann 1919-21 frå Jarlsberg, møtte heile sesjonane i 1920 og 1921, i staden for permitterte Sam Eyde, medlem i Finans-og tollkomiteen. Valbolken 1922-24 var han fast representant på Stortinget frå Vestfold fylke, medlem i Justiskomiteen.

Kjelder

Autoritetsdata
Autoritetsdata
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Ole Olsen Nauen is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Ole Olsen Nauen
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes