Nils Finne
Quick Facts
Biography
Nils Johannesson Finne (2. juni 1868–6. mars 1927) var ein handelsmann og stortingsrepresentant frå Voss.
Finne var son til ein bankkasserar og småbrukar på Vossevangen. Skulevinteren 1883/84 gjekk han Hardanger og Voss amtsskule, deretter 1886/87 Garnes folkehøgskule. I ungdomsåra arbeidde han elles på gard til han i 1887 fekk plass i ei handelsbud. Frå 1891 dreiv han landhandlarforretning på Vossevangen til han døydde.
Han kom med i Voss heradsstyre i 1897 og hadde plass der til han døydde, tida 1908-25 var han ordførar for heradet. Åra 1923-24 var han formann i fylkestinget for Hordaland. Han var med både i vegstyret og i elektrisitetsnemnda til Hordaland fylke, og i Kommunikasjonsnemndi for Bergen, Hordaland, Sogn og Fjordane. Frå 1916 til 1927 var han formann i forstandarskapet til Voss off. Landsgymnas, og åra 1918-27 forlikskommissær i Voss. Han var i si tid leiar i Voss vinstrelag og 1921-27 i Hordaland vinstrelag. Elles var han medlem i Motorvognnemndi av 1921, styremedlem 1924-27 i Avholdsfolkets Landsnemnd og stortingsvald medlem av Hovudstyret for statsbanene frå 1. juli 1924. Finne var ein aktivist både innanfor frilynderørsla, målreisingsarbeidet og fråhaldssaka.
Finne var vararepresentant til Stortinget i dei tre valperiodane mellom 1916 og 1924. Han møtte fyrste gongen 16.6-20.6.1920 og frå 22.6.1921, ved begge høva i staden for Ole Monsen Mjelde og som varamann frå einmannskrinsen Voss. Fram til 6. mars 1923, då statsråd Mjelde og Blehr-regjeringa gjekk av, var Finne medlem i Tollkomiteen. Då Mjelde 25. juli 1924 fekk sete i den fyrste Mowinckel-regjeringa, kom Finne inn att på Stortinget dei siste dagane av 1924-sesjonen. Valbolken 1925-27 var han Hordaland sin 8. representant på Stortinget, var då medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen til 5. mars 1926, deretter medlem i Næringskomite nr.1 til han våren 1927 døydde brått i Bergen.
Kjelder
- Norsk Allkunnebok, IV.bandet, 1952-53
- Stortingsbiografi