peoplepill id: nils-a-liaaen
NAL
Norway
4 views today
4 views this week
The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Nils Andersen Liaaen (4. juni 1820–21. januar 1872) var ein norsk skipsbyggar og industrieigar. Han etablerte eit skipsverft i Ålesund i 1861, eit verft som eldstesonen hans, Anders M. Liaaen, overtok og som vart til verksemda A. M. Liaaen.

Liaaen var fødd på Ljøfoss i Sunnylven, ein bygsla plass under matrikkelgarden Ner-Ljøen - namnet Liaaen er ei forvansking av Ljøen. Plassen låg ved Sunnylvsfjorden, ei fem-seks km nord for Hellesylt. Liaaen var yngste barnet til Anders Knutsson, fødd Syltevik, og Marie Jakobsdotter, fødd Stokke. Han var gift med Johanne Knutsdotter Humlen frå Borgund, dei var busett i Buholmstranda.

I følgje bygdeboka for Norddal fekk Nils A. Liaaen 10 daler i betaling for «Tegning til Sylte Kirke», og kan dermed vere hovudarkitekt for den store trekyrkja på Sylte i Valldal (arkiva er ufullstendige så det er usikkert kven som stod for originalteikninga).

Kjelder

  1. http://nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7688472
  2. Lillebø, P.A. (1993): Gard og ætt. Stranda: Stranda sogelag, s.405.
  3. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.24
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Nils A. Liaaen is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Nils A. Liaaen
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes