peoplepill id: morten-bing
MB
Norway
4 views today
5 views this week
Morten Bing
Norwegian musician

Morten Bing

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian musician
Places
Work field
Gender
Male
Place of birth
Oslo, Oslo Municipality, Norway
Age
74 years
Family
The details (from wikipedia)

Biography

Morten Bing (fødd 14. januar 1950) er ein norsk musikar og kulturhistorikar. Morten Bing spelar ei rekkje instrument, mellom anna gitar, tenorgitar, 5-strengs banjo, mandolin, oktav-mandola, bouzouki, English guitar og Appalachian dulcimer. Han tok i 1973 initiativet til folkrockgruppa Folque, og var med på alle plateinnspelingane til gruppa.

Bing er cand.philol. med hovudfag i etnologi og førstekonservator NMF. Han arbeider ved Norsk Folkemuseum der han 2000-2015 var leiar for Forskings- og utstillingsseksjonen, 2016-2019 leiar for Kulturhistorisk seksjon. Hovudoppgåva hans i etnologi «Aldri forglemmer jeg dagene der, – ut på Presteskjær!» (1990), tok for seg ferielivet på eit godtemplarungdomssommarheim. Han har seinare skrive boka Østkanthjemmene og Østkantutstillingen (2001) om buskikkane til arbeidarklassen i Oslo i mellomkrigstida og om bustadreformatoren Nanna Broch.

Han har vore prosjektleiar for ei rekkje utstillingar ved Norsk Folkemuseum, blant anna «Back to the 80s» (2009) og «50-talet – drøm eller virkelighet» (2010).

Frå 2001 til bygarden var ferdig innreidd i 2009 var han prosjektleiar for «OBOS-gården – Wessels gate 15», og er òg medforfattar (saman med Birte Sandvik og Torgeir Kjos) av boka En historiebok i tre etasjar (Cappelen Damm 2011).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Morten Bing is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Morten Bing
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes