MiRee Abrahamsen
Quick Facts
Biography
Britt MiRee Abrahamsen (fødd 7. august 1973) er ein norsk forfattar, biletkunstnar, journalist og lærar frå Tromøya i Arendal.
Abrahamsen har studert kunst og språk i ulike delar av verda, mellom faga er russisk samtidslitteratur og klassisk arabisk. Ho har reist mykje i mellom anna Europa, Midtausten, Nord-Afrika og det tidlegare Sovjetunionen, og har som kunstnar hatt utstilling i fleire av desse landa, som Syria, Libanon og Dei sameinte arabiske emirata. Ho har òg stilla ut heime på Sørlandet, i Risør, Arendal og Kristiansand.
MiRee Abrahamsen debuterte som forfattar i 1999 med lyrikk. Den andre boka, I skyggen av Qassioun, er ein roman om ein arabisk familie i Damaskus, medan dei to neste romanane er lagt til Sørlandet. Forfattaren er blitt nominert til Sørlandets litteraturpris tre gonger.
Verkliste
- Ankeret i apegården, dikt, 1999
- I skyggen av Qassioun, prosa, 2001
- Bols, roman, 2002
- Daviti, roman, 2004
- Det ville Østen 2012
Referansar
- ↑ «MiRee Abrahamsen». forfatterkatalogen.no. Henta 6. april 2012.