peoplepill id: margarethe-wiig
MW
2 views today
2 views this week
The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Margrethe Wiig (9. april 1903–4. april 2002) var ei norsk prestekone og seinare bispinne, i Karasjok og på Sortland. Wiig er framforalt kjend som forfattaren av den første samiske ABC-boka, ABC.

Wiig budde i Karasjok frå 1923 til 1934), der mannen hennar, Alf Wiig, var prest. Deretter budde dei på Sortland fram til 1945, før dei busette seg i Tromsø.

Arbeidet med den nordsamiske ABC-boka

ABC-boka starta ho å arbeide med i 1939, målet var å lage ei ABC-bok på nordsamisk, med utgangspunkt i barna sin eigen kultur. Planar for ei slik ABC-bok hadde ho allereie lagt i Karasjok i 1925, og fleire av illustrasjonane i boka var også laga av barn i Karasjok. Arbeidet med ABC-boka kom i gang etter at mangeårig argumentasjon frå Wiig si side førte til følgjande telegram til mannen hennar, Alf Wiig, 20.9. 1939:

Sokneprest Wiig, Sortland
Konferansen om samisk ABC blir 25de september såfremt Deres frue kan møte da.
Kirkedepartementet.

I arbeidet med ABC-boka sette departementet ned ein komité som skulle vere med i planlegginga, der både statsråden sjølv (Nils Hjelmtveit), ekspedisjonssjef Boyesen, professor Konrad Nielsen, skoleinspektør Lyder Aarseth og sokneprest Johan Beronka (som hadde arbeidd m.a. med samisk syntaks) var med, i tillegg til både Margarethe og Alf Wiig. Kyrkjedepartementet såg med andre ord på dette som eit viktig tiltak.

I utgangspunktet var det meint at ABC-boka hennar skulle bruke Konrad Nielsen si rettskriving, men i og med at planen var å bruke boka også i Sverige, sette boka i gang ein prosess fram mot det som skulle bli Bergsland-Ruong-rettskrivinga for nordsamisk.

Nystad og Lund 2009 karakteriserer ABC-boka som den viktigaste boka i samisk lærebokshistorie. Denne sentrale posisjonen fekk boka allereie før ho var publisert: Først med rolla ho hadde som igangsetjar av rettskrivingsreforma, og deretter som del av det storpolitiske spelet i Norden. På side 41 i ABC-boka var det ei teikning som viste eit kart over Nordkalotten, som viste at det budde samar i både Noreg, Sverige og Finland. I den kalde krigen var dette kontroversielt, og Wiig vart kalla inn til eit møte med Kyrkje- og undervisningsdepartementet og Forsvarsdepartementet. Problemet var at kartet viste at samane budde også i Finland, eit faktum styresmaktene ikkje ville ha med i boka. I staden måtte ho gjere om teikninga, og gjere køyrereinen på biletet stor nok til at han dekka det finske flagget, og berre viste det norske og det svenske.

Bruken av boka

I utgangspunktet var det motstand mot boka. Til dømes viser Svein Lund i Samisk skolehistorie 6 til ei fråsegn frå Karasjok skolestyre 5.11.1949, der dei gjekk inn for ei undervisning «med fullstendig språklig fornorsking som mål». Fråsegna kom som svar på eit rundskriv frå Skoledirektøren i Finnmark om synspunkt på boka. ABC-boka vart likevel teken i bruk i Karasjok i skoleåret 1951/1952. Også i Kautokeino var boka i bruk, t.d. har Ole Henrik Magga fortalt at han sjølv hadde denne boka.

Fotnotar

  1. Jf. Andersen 2013. s. 49 (for barneteikningar) og s. 56 (for referanse til tidlege planar for ABC-boka).
  2. Telegrammet og data om samansetjinga av planleggingskomitéen er henta frå Andersen 2013 s. 56ff.
  3. For ei framstilling av rolla til ABC-en til Wiig i arbeidet med rettskrivinga, sjå Bergsland 1951
  4. Sjå Nystad og Lund 2009 for referanse, og for faksimile av den sensurerte boksida
  5. L. Lind Meløy 1977 s. 17

Kjelder

Bibliografi

  • Wiig, Margarethe (1951). ABC. Oslo: Johan Grundt Tanum. 
  • Wiig, Margarethe (1970). Sámiædnamis. Oslo: Tanum. 
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Margarethe Wiig is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Margarethe Wiig
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes