peoplepill id: lydia-olsrud
LO
Norway
5 views today
5 views this week
Lydia Olsrud
Norwegian businessperson

Lydia Olsrud

The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Lydia Olsrud (Lydia Olsrud Norland) (11. desember 1884–18. mai 1983) var forretningsdrivande i Mosjøen frå 1927 til omkring 1980, det meste av tida som kioskeigar.

Lydia Olsrud vart fødd og voks opp på garden Olsrud i Grane av foreldra Kristine Lovise Jensdotter og Svein Erik Davidsson, ein svensk skreddar som var kommen til distriktet gjennom sølvgruvedrifta i Svenningdalen. Gjennom faren var ho halvsyster til forfattaren Andreas Haukland.

Som nykonfirmert 15-åring fekk ho teneste hos sokneprest Ole Tobias Olsen i Hattfjelldal, sidan flytta ho til Mosjøen og fekk butikkarbeid. I 1907 var ho med å stifte Øvre Vefsn Ungdomslag, ei tid var ho kasserar i laget. I 1927 starta ho eigen forretning, og i 1927 kjøpte ho eigne lokalar der ho selde tobakk, frukt, grønsaker og sjokolade. Nokre år etter andre verdskrigen vart lokala rivne, men då hadde ho alt kjøpt kiosken som fram til han brann i 1976, var kjend som Lydiakiosken.

I 1930 vart ho gift med stavangermannen Harald Norland. Han døydde vinteren 1945.

Lydiabrygga, som vart eit førebilete for restaureringsarbeidet i Sjøgata i Mosjøen, var det lenge Lydia Olsrud som åtte.

I vår tid er Lydia av næringsdrivande i Vefsn blitt halde fram som eit førebilete både for kvinner og menn.

Bakgrunnsstoff:

Kjelder:

  • Are Andersen i Far etter fedrane 1999, utg. av Vefsn museum 1998
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Lydia Olsrud is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Lydia Olsrud
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes