Jørgen Olafsen
Quick Facts
Biography
Jørgen Olafsen (15. november 1817–14. mai 1893) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, forfattar og mangeårig stortingsmann, opphavleg frå Langlykkja ved Dombås i Dovre, budde størstedelen av livet i Romsdal.
Olafsen var fødd og oppvaksen på ein gard i Dovre. Han fekk nokre månaders undervisning hos kyrkjesongaren i Lesja, var så lærar i Lesja i 1839. År 1840 vart han seminarist frå Asker. Frå 1844 var han lærar og kyrkjesongar i Bud. I den lange perioden 1849-91 hadde han same stillingane i Veøy, budde då på klokkargarden Bergsvik. Han kom med i heradstyret i 1856, var ordførar i Veøy 1858-90. Forlikskommissær 1856-90.
I 1847 stifta Olafsen Romsdals fogderis lærerforening, den fyrste i sitt slag på landsbygda i Noreg. Han var formann i foreininga til han døydde. Elles var han tidleg ute med å starte opp songkor. Olafsen var og ein flittig skribent, med tallause artiklar og innlegg i mange aviser. Han gav også ut bøker, oftast om lokale og historiske tilhøve.
Olafsen representerte Romsdals amt på Stortinget periodane 1859-69 og 1874-88. Han tok ikkje del i Stortinget 1862-63, då han vart sjuk, men møtte i 1864. Valet for perioden 1874-76 var mykje omstridd, men vart godkjent med 55 røyster mot 53. Han var medlem av kyrkjekomiteen 1859-60 og 1865-66, sekretær i konstitusjonskomiteen frå 1868. I sin siste periode på Stortinget var han medlem av Lagtinget. Då partigruppene vart danna i 1883, slutta han seg til Venstre.
Han døydde på klokkargarden i Veøy i 1893.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Jørgen Olafsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv