Jacob Christian Prebensen
Quick Facts
Biography
Jacob Christian Wetlesen Prebensen (5. oktober 1851–8. september 1911) var ein kjøpmann, skipsreiar, trelasthandlar og stortingsmann frå Risør. Nikolai Prebensen var bror hans.
Prebensen vart utdanna i handelsfaget under opphald i Nederland og Skottland. Han overtok i 1876 faren sine forretningar i Risør. Desse voks mykje i Prebensen si tid og omfatta handel, utreiing av skip, skipsverft, trelasthandel, sagbruk og høvleri, mylnebruk, eksport av is. Han eigde store skogeigedomar i Gjerstad og Treungen, på det meste hadde han hand om om lag 150000 dekar. I 1910 kom verksemda under administrasjon, og firmaet vart avvikla.
Prebensen var ordførar i Risør frå 1880 til 1909. Han var styreformann for fellesfløytinga i Gjerstad, Nærstad og Vegårshei. Elles hadde ein rekke verv i både offentleg og privat teneste.
Prebensen var for perioden 1892-94 vald til stortingsmann for Risør og partiet Høgre. På tinget var han 1892-93 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, i 1894 møtte han ikkje. Tidlegare, 1886-88, hadde han vore fyrste varamann på Stortinget for Risør, møtte då frå 11. juni 1888.
Han døydde 1911 i Søndeled.
Kjelde
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914