peoplepill id: hoye-kvale
HK
2 views today
2 views this week
The basics

Quick Facts

Work field
Gender
Male
Birth
Death
Age
88 years
The details (from wikipedia)

Biography

Høye Kvåle (1879–1967) var ein kjend spelemann frå Seljord i Telemark. Han er morbror til spelemannen Eivind Mo.

Høye Kvåle var son av Anne og Eivind Kvåle frå Seljord. Både faren og mora var kjende med slåttetradisjon, og faren skal ha spela noko sjølv. Elles lærte Høye mykje spel av Kjetil Håvardsson, son av Håvard Gibøen. Denne tradisjonen førte han vidare, og sytte for at systersonen fekk grunnopplæring i slåttespel.

Han er gravlagd på kyrkjegarden i Seljord.

To gangarar etter Høye Kvåle er utgjeve i Hardingfeleverket, band I. Den eine er gangaren Austaden (nr 61), som Høye Kvåle hadde etter foreldra sine. Desse hadde lært han av spelemannen Åsmund Nordgard frå Åseral. Den andre er ein systerslått, ein variant av Kivlemøyane, som Kvåle hadde etter Kjetil Håvardsson (98c). Høye Kvåle er ein av dei viktigaste kjeldene til denne slåttekrinsen i Aust-Telemark, og mellom anna Hauk Buen spelar desse i tradisjon etter han.

Fotnotar

Denne folkemusikkartikkelener ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Høye Kvåle is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Høye Kvåle
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes