peoplepill id: hans-olsen-skurdal
HOS
Norway
3 views today
3 views this week
Hans Olsen Skurdal
Norwegian politician and farmer

Hans Olsen Skurdal

The basics

Quick Facts

The details (from wikipedia)

Biography

Hans Olsson Skurdal (27. februar 1872–15. november 1952) var ein norsk skulestyrar og gardbrukar frå Sør-Fron som representerte Bondepartiet på Stortinget i tre, til dels fire, valperiodar i tida 1922 til 1933.

Skurdal var son til ein gardbrukar. Han var elev 1889-91 ved hagebruksavdelinga på Ås landbrukshøgskule og deretter 1891/92 ved veterinær- og landbrukshøgskolen i København. Sidan var han stipendiat i Tyskland for å lære meir om frukttre og plantedyrking. I tida 1894 til 1899 var han gartnar og lærar ved Kalnes landbruksskole i Tune i Østfold. Frå 1899 var han så styrar av Fritzøe planteskole i Brunlanes til 1920. Han fekk skøyte på slektsgarden i Sør-Fron i 1911, men flytta dit fyrst i 1920. Skurdal var også skribent og gav ut småskrifter om skog- og hagebruk.

Skurdal var medlem av Brunlanes heradsstyre 1916-20. Hausten 1921 vart han vald til stortingsmann frå Oppland og representerte valkrinsen og Bondepartiet i åra 1922-27. Valperioden 1928-30 måtte han nøye seg med vere 1. vararepresentant til Stortinget, men møtte fleire veker både i 1928 og 1929. Stortingsperioden 1931-33 var han tilbake på fast tingsete. Dei to fyrste tingperiodane, 1922-24 og 1925-27, var han sekretær i Næringskomiteen. Valbolken 1931-33 var han sekretær i Lovkomiteen, dessutan odelstingspresident 1932-33.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Hans Olsen Skurdal is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Hans Olsen Skurdal
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes