Haakon Finstad
Quick Facts
Biography
Haakon Sæmingsen Grindalen Finstad (10. november 1860–20. mars 1943) var ein norsk lærar og politikar frå Øvre Rendalen i Hedmark. Han vart stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i åra 1913-18.
Finstad var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Hamar i 1882, og student i Kristiania 1884. I 1892 tok han språkleg-historisk lærareksamen ved universitetet i Kristiania og var det neste året lærar ved Nordstrand middelskole og underviste så 1893-97 ved Gundersens skole, også desse i hovudstaden. Han flytta så til Nord-Noreg, arbeidde fyrst to år ved Bodø middelskole, medan han i tida 1899-1908 var lærar ved Vadsø høgre allmennskule. Åra 1909-18 var han overlærar og styrar av den høgre allmennskulen i Hammerfest. Til sist var han styrar og lektor ved Kragerø kommunale høgre allmennskule fram til 1931.
Finstad var formann i Fisker- og arbeiderforeningen i Vadsø 1904-08, og i Hammerfests arbeider- og fiskerforening 1911-13. Ved stortingsvalet 1912 vart han vald til representant for kjøpstadene i Finnmark, attvald tre år seinare. På tinget var Finstad medlem 1913-15 i Protokollkomiteen og 1916-18 i Konstitusjonskomiteen og Utanrikskomiteen.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Stortingsbiografi