Gulow Andorsen
Quick Facts
Biography
Gulow Andorsen (21. juni 1791–28. juli 1867) var ein norsk skipper og forretningsmann frå Mandal, samt stortingsmann for Kristiansand i 1836.
Andorsen var son til ein skipper, og vart sjølv skipper i ung alder. Deretter arbeidde han på kontoret til handelsforretninga G.F. Reinhardt i Kristiansand, der han i 1822 vart kompanjong i firmaet; Reinhardt & Co. I 1836 gjekk han ut av firmaet og etablerte si eiga forretning i Mandal, samstundes fekk han styringa over handelshuset Wattne & Co.
I si tid i Kristiansand var han borgarrepresentant og forlikskommissær, medan han i Mandal vart den fyrste ordføraren i byen. Andorsen representerte Kristiansand på Stortinget 1836, medlem av tollkomiteen. Han vart friteken for å møte ved det overordentlege storting 1836-37, grunna forretningar.
Han døydde i fødebyen Mandal, 76 år gammal.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Gulow Andorsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv