Enok O. Simonnæs
Quick Facts
Biography
Enok Olai Matias Simonnæs (7. november 1856–24. juli 1947) var ein norsk fotograf frå Sande, busett i Ålesund. Han arbeidde som fotograf i Ålesund frå 1885 til 1920.
Liv og gjerning
Simonnæs var frå garden Simonnes i Sande. Han etablerte seg som fotograf i Ålesund i 1885 og var ein av dei store fotografane i Ålesund. Heile arkivet hans gjekk tapt i bybrannen i 1904. Glasplatearkivet hans frå åra etter 1904 er teke vare på av Aalesunds Museum. Frå 1998 vart dei første glasplatene i Simonnæsarkivet digitalisert av FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal (FAK). I 2003 starta eit omfattande digitaliserings- og registreringsprosjekt saman med DIS, - Foreininga data i slektsforskinga avd. Ålesund og Sula. Frå 2009 er over 18 000 Simonnæs-bilete tilgjengelege på verdsveven/internett.
Kjell Skorgevik gav i 1985 ut boka Fotografer i Ålesund i glassplatenes tid. I dette viktige bidraget til norsk fotohistorie og byhistoria til Ålesund finn ein den første fyldige biografien om fotografen Enok O. Simonnæs.
Kjelder
- Sandesoga, band III. Volda 1977