Egil Lillestøl
Quick Facts
Biography
Egil Sigurd Lillestøl (fødd 19. mars 1938) er ein norsk fysikar.
Lillestøl vart professor på Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen i 1984. Han har arbeidd mykje med å popularisere fysikkforsking, særleg for ungdom. Han oppheld seg ved CERN i Sveits kvart vårsemester der han er ansvarleg for den europeiske og for den latinamerikanske skule i partikkelfysikk. Lillestøl har i seinare år vore opptatt av globale energispørsmål og ei mogeleg løysing på dei globale energiproblema i form av ein akseleratordriven kjernereaktor basert på thorium. Lillestøl har tatt til orde for å etablere bruk av atomkraft for å løyse den internasjonale energikrisa, og særleg har han gått inn for at Noreg skal bygge ein prototype på ein thoriumreaktor. Han har òg hatt forskingsopphald ved College de France i Paris og DESY i Tyskland.
Han har drive mykje med populariseringsarbeid i form av radio- og fjernsynsprogram, avisartiklar og foredrag. Han var med å skreiv den populærvitskapelege boka The Search for Infinity (1994, norsk omsetjing, Ferden mot det uendelige, 1995).
Utmerkingar
I 2007 vart han tildelt Norges forskningsråds formidlingspris for «formidling av grunnleggande fysikk til skuleelevar og publikum».
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Egil Lillestøl» frå Wikipedia på engelsk,den 15. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.nettavisen.no/innenriks/politikk/article804115.ece
- ↑ http://www.apollon.uio.no/vis/art/2006_3/Artikler/thorium
- ↑ http://www.forskning.no/Artikler/2006/november/1162459085.68
- ↑ «Noregs forskingsråds prisar: prisvinnarar». Forskningsrådet. 9. juli 2009. Henta 16. august 2012.
Bakgrunnsstoff
- Publikasjonar av Egil Lillestøl i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin