Dag Jørund Lønning
Quick Facts
Biography
Dag Jørund Lønning (fødd 26. januar 1967) er ein norsk sosialantropologmed spesiell interesse for menneskeleg nyskaping. Lønning har utvikla kulturøkonomi som fagfelt og utviklingsstrategi i Noreg, og er opphav til omgrepa «kulturelle landskap» og «innlevingsøkonomi».
Lønning er frå Stord i Hordaland. Han har skrive ei rekkje artiklar og bøker om utviklinga i Midt-Austen, kulturøkonomi, kulturarv, nyskaping og bygdeutvikling.
Lønning er rektor og professor i nyskaping og bygdeutvikling ved Høgskulen for grøn utvikling på Jæren. Han har tidlegare vore seniorforskar ved Nordlandsforskning, forskar ved Christian Michelsens Institutt, fagleg leiar ved Telemarksforsking-Bø og direktør ved Norsk senter for bygdeforskning. Han tok doktorgraden (dr. philos.) i 2007 med avhandlinga Fridomen til å skapa. Alternative historier om nyskaping og bygdeutvikling.
Lønning er kåra til Årets landbruksbloggar 2014 og Årets bygdeprofil 2015 av Nationen sine leserar, og blei, som ein av veldig få forskarar, i desember 2015 plassert på Nationen og Bondebladet si liste over «dei 100 mektigaste i norsk landbruk». I 2019 blei Lønning gjeven heidersprisen «Årets meitemark» av organisasjonen Økologisk Norge for arbeidet sitt for livet i matjorda og eit naturnært landbruk.
Utgjevingar
(Utval)
- Bridge over troubled water. Inter-ethnic dialogue in Israel/Palestine. Bergen: Norse Publications. 1995
- (red. med George Giacaman). After Oslo. New Realities, Old Problems. London and Chicago: Pluto Press. 1998
- Gøy på landet? Landbruk i ei postmoderne tid. Oslo: Det Norske Samlaget. 2000
- (red.) Bønder i soloppgang? Ål: Boksmia Forlag. 2000
- (red.). Den norske Bygda og Den Store Verda. Om lokal utvikling i ei global tid. Bø: Telemarksforsking. 2003
- Landskap som ressurs i kulturøkonomien. Opplevingar frå det skotske Høglandet og Island. Telemarksforsking-Bø, rapport 218. 2004
- Frå Vogge til Mekka. Ein kulturøkonomisk utviklingsstrategi for Morgedal. Telemarksforsking-Bø, rapport 226. 2005
- Fridomen til å skapa. Alternative historier om nyskaping og bygdeutvikling. Universitetet for miljø- og biovitskap, Dr. Philos. Thesis 2007:1. 2007
- (med Tone Magnussen, Johan Helland og Siri Lange): Evaluation of Norwegian Support for the Protection of Cultural Heritage. Oslo: Norad. 2009.
- Ringar i vatnet. Innlevingsøkonomi i det kulturelle hamsunlandskapet Hamarøy. Bokbyen Hamarøy: Segelfoss forlag. 2009
- (med Rhys Evans): Fellesskapssturisme. Reiseliv som kjelde til lokal utvikling. HLB-rapport nr 1, 2010.
- Kva er nyskaping? Om fridom, skaparglede, framtid og fellesskap. Ål: Boksmia forlag. 2011
- Den skapande forskaren. Teoretiske, metodiske og strategiske fundament for ei utviklingsretta forskarrolle. Trondheim: Tapir akademisk forlag. 2011
- Lokalsamfunnet som kreativ allmenning. Ein rettleiar. Vestlandsk Vidsyn. 2012
- Liv i fjøsan. Forfall, forandring og fornyelse. Oslo: Forlaget Press. 2013
- Dialogbasert utvikling. Manual for lokalt mobiliseringsarbeid og demokratifornying. Bryne: Jæren Forlag. 2014
- Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre. Forlaget Nyskaping, 2017
Kjelder
- ↑ Lønning 2003
- ↑ Lønning 2007, 2011
- ↑ Lønning 2009, 2011
- ↑ «Dette er landbrukets 100 mektigste». Nationen. 2016. Henta 22. oktober 2017.
- ↑ «Årets Meitemark 2019: Dag Jørund Lønning». Økologisk Norge . Henta 18. juni 2019.