Christopher Hanssen Sødring
Quick Facts
Biography
Christopher Hanssen Sødring (5. februar 1782–22. februar 1860) var ein dansk kjøpmann, gardbrukar og bryggerieigar som var norsk stortingsmann i 1818.
Sødring var fødd ved Århus i Danmark, faren hans var kunstsnikkar. Sjølv vart han cand. theol. i 1805, og flytta omkring 1806 til Bergen, der han var kjøpmann og skipsreiar. I 1822 flytta han tilbake til Danmark og dreiv ein stor gard ved Vordingborg i ti år. Han kom så til Noreg att i 1832, dei neste seks åra var han gardbrukar på Tåsen i Aker i Akershus. Flytta på ny heim til Danmark i 1838, sidan var han bryggerieigar i Ålborg.
I 1818 var Sødring 4. representant frå Bergen på Stortinget. Han var medlem av elleve komitear, mellom dei var protokollkomiteen, gasje- og pensjonskomiteen og komiteen om brennevinsbrenning. Vidare var han med i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Stockholm.
Sødring døydde i Ålborg i 1860.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Christopher Hanssen Sødring NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv