Birger Grinde
Quick Facts
Biography
Birger Grinde (7. september 1908–23. august 1998) var ein norsk flygar og lufttrafikkinspektør i Luftfartsdirektoratet.
Grinde vart utdanna som flygar ved Marinens Flyveskole og fekk «Flygervingen» i 1931.Han vart tilsett i DNL i 1937 og flaug innanlands med Junkers Ju 52 i åra før andre verdskrigen.
Hausten 1939 vart han beordra som nestkommanderande ved Marinens flyavdeling på Skattøra og deltok i kampane ved Narvik i 1940, før han måtte overleveraSkattøra flystasjon til tyskarane. Etter at kampane i Noreg var over kom han seg først over til Sverige, og sidan til England. Under krigen var han først instruktør i Little Norway. Frå 1942 var han knytt til333. skvadron i Storbritannia og flaug mellom anna Catalina. Etter krigen vart han tilsett som lufttrafikkinspektør i Luftfartsdirektoratet. Grinde var norsk rådsrepresentant ved Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO) i periodane 1953-56 og 1971-74. Han gjekk av med pensjon frå stillinga som lufttrafikksjef i Luftfartsverket hausten 1978.
Referansar
- ↑ Marinens flygevåpen 1912-1944. Hafsten, Bjørn/Arnheim, Tom. Side 278
- ↑ Knut Løvstuhagen (29. september 1978). «Lufttrafikksjef Birger Grinde: La Braathens SAFE og SAS konkurrere». Aftenposten: 5.
- Denne artikkelen bygger på «Birger Grinde» frå Wikipedia på bokmål,den 28. mars 2019.