Benjamin O. Schei
Quick Facts
Biography
Benjamin Olsson Schei (6. oktober 1858–25. januar 1940) var ein norsk gardbrukar, bankmann, lensmann og stortingsmann frå Stadsbygd i Sør-Trøndelag. Frå 1913 til 1927 representerte han Venstre på Stortinget.
Schei var son til ein gardbrukar. Han tok over farsgarden Skei i 1882 og dreiv han i lang tid. Frå 1892 var han også banksjef i den lokale sparebanken. I 1913 tok han over lensmannsombodet i Stadsbygd, eit ombod han hadde til 1929.
Schei var ordførar i Stadsbygd frå 1892 til 1913, og forlikskommissær frå 1903. Elles var han styreformann for landbruksskulen i amtet frå 1906. I 1899 var han medlem av departementskomitear vedkomande revisjon av huslån- og jordinnkjøpfonda, og om oppretting av arbeidskontor.
Schei var einmannskrinsen Indre Fosen sin representant på Stortinget 1913-21. I den fyrste treårsbolken var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, i den andre formann i vegkomiteen og i den tredje formann i protokollkomiteen. Han heldt fram som leiar av protokollkomiteen då han frå 1922 til -27 var 5. representant frå Sør-Trøndelag fylke.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914