Anton Martin Omholt
Quick Facts
Biography
Anton Martin Knutsen Omholt (21. februar 1855–1922) var ein lærar, klokkar og stortingsmann frå Ytre Sandsvær i Buskerud. Han representerte partiet Venstre.
Omholt var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Asker i 1874, og var i åra 1876-84 lærar ved amtsskulen i Akershus. I 1884 fekk han stilling som lærar og kyrkjesongar i Efteløt i Sandsvær.
Frå 1887 var Omholt medlem av heradsstyret i Sandsvær, han var varaordførar 1898-1902 og ordførar frå 1902. Då kommunen vart delt frå 1908, var han ordførar i Ytre Sandsvær til 1910. I 1906 vart han medlem av amtsskulestyret, formann frå 1909. Han var dessutan forlikskommissær.
Omholt var valmann i Buskerud frå 1885 til 1903, då valmannsordninga vart fjerna. Frå 1910 til -15 var han Numedal krins sin representant på Stortinget. Han var medlem av jarnbanekomiteen, sekretær i denne frå 1913.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914