peoplepill id: alf-saltveit
AS
Norway
3 views today
3 views this week
Alf Saltveit
Norwegian writer

Alf Saltveit

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian writer
Places
Work field
Gender
Male
Place of birth
Haugesund, Norway
Age
78 years
The details (from wikipedia)

Biography

Alf Saltveit (fødd 14. juni 1946 i Haugesund) er ein norsk forfattar, lyrikar, omsetjar og kulturskribent. Han debuterte med diktsamlinga Gneistar i 1982, og har sidan gjeve ut mange bøker.

Saltveit tok examen artium i heimbyen i 1965, og var lærar på Kopervik realskole i eitt år før han tok lærarskulen i Stavanger og vart adjunkt. Sidan har han arbeidd ved Sola ungdomsskole og i grunnskulen i Karmøy og Sveio, før han sommaren 1987 vart forfattar på heltid.

Han er kanskje mest kjend i Haugesund, men historiene hans veks også rundt omkring i dei næraste byane. I fleire romanar kritiserer han heimbyen, men han har likevel fått ein fast plass med namneplate og foto på stamkaféen nær Rådhusplassen i byen. Sidan debuten i 1982 har han skrive både diktsamlingar, tekstsamlingar, romanar og lokalhistorie. Mange av dei lokalhistoriske artiklane hans er fyrst utgjevne i Haugesunds Avis og har seinare kome i bokform. Han har også redigert lokalhistoriske bøker.

I 1989 gav Saltveit ut Tonen som kom, eit gjendikta utval av dikta til nobelprisvinnaren Seamus Heaney på Solum forlag. Han har også gjendikta Paul Muldoon, Michael Krüger og Carlos Drummond de Andrade.

Saltveit skriv på nynorsk. Han har fått kulturstipenda til både Haugesund kommune og Rogaland fylke.

Bibliografi

  • 1982 – Gneistar (Oslo: Fonna. Diktsamling)
  • 1983 – Vandring (Oslo: Fonna. Diktsamling)
  • 1986 – Det finst alltid eit startnummer (Oslo: Samlaget. Diktsamling)
  • 1987 – Kafeen (Stavanger: Dreyer bok. Tekstar)
  • 1990 – Jordharmoniar (Oslo: Solum. Diktsamling)
  • 1991 – Ser du havet… (Haugesund: Worum. Tekstar)
  • 1993 – Til Haugalandet (Haugesund: Worum. Diktsamling)
  • 1996 – Dikt i utval (Stavanger: Dreyer bok. Diktsamling)
  • 1997 – Folkeliv og trollskap (Haugesund, Worum. Folkeminne)
  • 1998 – Heimegrunn: 30 skribentar i Haugesund og Skåre (Haugesund: Worum)
  • 1999 – 3 presentasjonar (Haugesund: Worum)
  • 1999 – Vestvarsel og Vistemann (Haugesund: Worum. Folkeminne, historie)
  • 2000 – Byen 2000 (Stavanger: Dreyer bok)
  • 2002 – Lykke til – ei dokumentarisk minnebok med og om Martin Nag (Stavanger: Kveldsbel-eika)
  • 2003 – Hjelpeprest Henrik Hansens visjon (Stavanger: Dreyer bok. Eventyr, monologar, pastorale)
  • 2004 – Drops for Haugesund (Haugesund: Worum. Diktsamling)
  • 2005 - Vårherre gjestar Haugesund : dramaroman
  • 2006 - Frode møter Laotse : samtaler
  • 2008 - Og så kom Diogenes : anekdotar
  • 2009 - Stemmeskifte : songar og dikt
  • 2010 - Knott : strofer og stikk
  • 2011 - Temperament: Folkelege songar og dikt
  • 2012 - Katekisme: Oppbyggjelege tekstar

Som gjendiktar

  • 1988 – Michael Krüger: Teikna talar eit anna språk (Oslo, Solum)
  • 1989 – Seamus Heaney: Tonen som kom – dikt i utval (Oslo, Solum)
  • 1992 – Carlos Drummond de Andrade: Tankar om ordet menneske (Oslo, Solum)
  • 1994 – Paul Muldoon: Våpenkvile (Oslo, Solum)

Kjelder

  • «Saltveit, Alf» av Torill Borge Horneland hjå Haugesund kommune, innhenta 23. april 2010.

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Alf Saltveit is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Credits
References and sources
Alf Saltveit
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes