peoplepill id: yngve-sundvor
YS
Norway
1 views today
1 views this week
The basics

Quick Facts

From
Gender
Male
Star sign
TaurusTaurus
Age
55 years
Awards
Norwegian Critics Prize for Literature
(1998)
The Hedda Award for Best Direction
(1998)
The details (from wikipedia)

Biography

Yngve Sundvor (fødd 14. mai 1968) er ein norsk sceneinstruktør, regissør og manusforfattar. Han voks opp i Norheimsund i Hardanger, og er utdanna ved Det russiske akademiet for scenekunst i Moskva. Han har sidan laga eit førtitals produksjonar både i Noreg og utanlands. Yngve Sundvor har fleire gonger handsama og iscenesett tekstane til Knut Hamsun.

I perioden 2001-2003 markerte Sundvor seg som kunstnarisk leiar for «Utan filter»-prosjektet ved Det Norske Teatret, eit dogmeteaterprosjekt han dreiv saman med regissør og produsent Odd Christian Hagen - i eit ensemble som særleg satsa på nyskriven norsk dramatikk og med ein fast kjerne av skodespelarar. «Utan filter» var skodespelarbasert teater med minimal scenografi – mest mogleg frigjort frå teatermaskineriet og med fantasien, skodespelarane og tilskodarane som sin viktigaste ressurs.

Verk regisserte av Sundvor

(Utval)

  • Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht med musikk av Kurt Weill - Litauen, 1997. (Internasjonal debut.)
  • Tartuffe av Molière i Montpellier i Frankrike, 1997.
  • Skjønnhetsdronningen av den irske dramatikaren Martin McDonagh på Trøndelag Teater, 1997. (Norsk debut, løna med Heddaprisen for beste regi.)
  • Å temme trollet av Shakespeare, Teatret Vårt.
  • Brenn draumane mine på Callos Rei, monolog av Torvald Sund, Teatret Vårt.
  • Stengde dører av Jean Paul Sartre, Det Norske Teatret.
  • Bøddelen av Pär Lagerkvist, Det Norske Teatret.
  • Kong Lear av Shakespeare
  • Cirkus av den tsjekkisk-austerrikske dramatikaren Pavel Kohout, Nationaltheatret.
  • Sult av Knut Hamsun på Nationaltheatret. (Løna med både Heddaprisen for beste regi, og Teaterkritikarprisen.)
  • Ingen skriv til obersten av den colombianske forfattaren Gabriel García Márquez, Det Norske Teatret.
  • Et dukkehjem av Henrik Ibsen, Den Nationale Scene/Riksteateret, 2004.
  • Putemannen av Martin McDonagh, Den Nationale Scene, 2004.
  • Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov, Rogaland Teater, 2005.
  • Markens Grøde av Knut Hamsun, Harstad, 2005
  • Frøken Julie av August Strindberg, Rogaland Teater, 2006.
  • Hedda Gabler av Henrik Ibsen, Nationaltheatret/Riksteateret, 2006.
  • Pan av Knut Hamsun, Hålogaland Teater, 2008.
  • Reksten - Firmaets mann av Yngve Sundvor, Den Nationale Scene, 2014.
  • Hotel Norge av Yngve Sundvor, Den Nationale Scene, 2018.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Yngve Sundvor is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Reference sources
References
Yngve Sundvor
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes