Quantcast
peoplepill id: wilhelm-sorteberg
WS
5 views today
17 views this week
Wilhelm Sorteberg

Wilhelm Sorteberg Norwegian musician

Norwegian musician
Wilhelm Sorteberg
The basics

Quick Facts

Intro Norwegian musician
Was Musician
From Norway
Type Music
Gender male
Birth 29 June 1839
Death 1912 (aged 72 years)
Star sign CancerCancer
The details

Biography

Wilhelm Asbjørnsson Sorteberg (29. juni 1839–7. januar 1913) var ein kjend norsk spelemann frå Krødsherad i Buskerud. Han var lærar til Truls Ørpen.

Liv

Wilhelm Sorteberg lærte spel av Gamle-Kleven og Hans Hagen, og vart frå byrjinga oppseda i Krylling-tradisjonen. Med tida fór han meir ut og møtte andre spelemenn, slik det var vanleg i hans tid. På Drammensmarken møtte han mellom andre Gudbrand Skjellerud og Olav Napper. Av desse kom han i kontakt med tradisjonane frå Hallingdal og Telemark.

I mange år la Sortebergen bort fela. Truls Ørpen fortalde at dette var av di han dreiv skyss-stasjon, og hadde ein stor ungeflokk. I tillegg var dette i vekkingstida, då pietismen gjekk over bygdene i midtre Buskerud, ført av og inspirert av Vis-Kari. Mange spelemenn la bort eller brende felene sine på denne tida.

I 1897 fekk Wilhelm Sorteberg ei ny fele av bryggerieigaren Amund Ringnes. Sortebergen var på kår no, og hadde betre tid til spel. Felespelet hadde òg fått betre omdøme att. På sine eldre dagar dreiv han spelet sitt opp i store høgder og vart godt etterspurd. No vart han og inspirert av spelet i Telemark, og særleg av møtet med Torkjell Haugerud. Dette førte til at han tok til å brigde på takta i kryllingspelet for å få ho meir lik takta i Telemark. I tillegg la han bort mange av dei eldre slåttane frå heimbygda. Dette meinte Truls Ørpen seinare var eit "Ska`høgg", som han sa. Elles kan ein tenkje seg at kontakta med dei store slåttane frå Bø løyste ut ein stor kunstnarleg givnad i Wilhelm Sorteberg.

Trass i dette vart Sortebergen det store stilidealet for Truls Ørpen. Ørpen var mykje i lag med han dei siste åra han levde, og lærte mykje spel av han.

Elles vert det fortald at Sortebergen var ein kjempekar. «Når han tok ein i handa, svei det lenge etter, og fekk du ein klapp på aksla, så svaga du i knea», vart det sagt.

Sortebergen døydde i 1912.

Slåttar etter Wilhelm Sorteberg

I Hardingfeleverket er det 11 nedskrifter beint etter Wilhelm Sorteberg. Ti av dei er skrivne ned av Truls Ørpen. Nr 248, Sortebergen, står oppført som skriven ned av Eivind Groven i 1937, etter Gjermund Haugen (G 444). Likevel er Wilhelm Sorteberg oppført som kjelde til slåtten i band IV, Hardingfeleverket (sannsynleg redaksjonsfeil).

Gangar 6/8

  • 4: Gangar. Skriven ned 1915 (Ø 12). Dette er ein gamal slått som var nytta i Krødsherad og Hallingdal.
  • 11: Gangar. Skriven ned 1908-09 (Ø 66). Dette er ein gamal kryllingslått.
  • 12: «Gubben i Norefjell». Skriven ned 1908-09. Denne skal Sortebergen ha dikta. Slåtten er knytt til «Tussebruri».
  • 92a: Gangar. Skriven ned 1915 (Ø 5). Sorteberg hadde truleg slåtten etter Torkjell Haugerud. Slåtten er elles kjend som Flatabøen. Variant b er etter Ola Mosafinn, og c er etter Olav Groven. Dette er opphavleg ein gamal Håstadbøgangar frå Hardanger.
  • 107a: «Duft». Skriven ned 1922 (Ø 55). Slåtten er laga av Lars Fykerud. Namnet er sett på av Halvor Borgen, etter ein hest han hadde. Variant b er etter Gunnulv Borgen, og c er etter Johan Kleven. Slåtten er nytta til lausdans i Hallingdal.

Gangar 2/4

  • 134b: «Napper-halling». Skriven ned 1911 (Ø 144). Sorteberg lærte slåtten på Drammensmarken av spelemannen Olav Napper frå Fyresdal. I Telemark er slåtten kjend som «Jentebedragaren» eller «Beleguten».
  • 160l: «Fyken» eller «Skjelleruden». Skriven ned 1910 (Ø 28). Slåtten er etter Gudbrand Skjellerud, frå Nes i Hallingdal. Skjellerud hadde slåtten etter Gamle Hans Fykerud frå Sauherad. Høyrer til slåttekrinsen «Heit du fa'i min».

Springar

  • 192: Springar. Skriven ned 1911 (Ø 43). Sorteberg hadde truleg slåtten etter Gudbrand Skjellerud. I Hallingdal er denne slåtten kjend som «Kittil Geiterygg», og for det meste spela i form etter Tor Grimsgard.
  • 248: «Sortebergen». Høyrer til slåttekrinsen der springaren Asle Myro er med. Slåtten har namn etter Sorteberg, og var mellom anna nytta av Gjermund Haugen.
  • 435b: «Låa». Skriven ned 1912 (Ø 7). Slåtten er etter Gudbrand Skjellerud, og er nok opphavleg heimehøyrande i Hallingdal. Dette er ein vandreslått på nedstilt bass som og finst i Sogn og Valdres. Her heiter slåtten «Delebekken». Variant a er etter Per Straumen frå Solund, variant c er etter Sevat Sataøen.
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
comments so far.
Comments
Reference sources
References
https://viaf.org/viaf/4243149108575068780005
arrow-left arrow-right arrow-up arrow-down instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube stumbleupon comments comments pandora gplay iheart tunein pandora gplay iheart tunein itunes