Quick Facts
Intro | Norwegian politician |
Was | Politician |
From | Norway |
Type | Politics |
Gender | male |
Birth | 3 November 1869 |
Death | 3 June 1943 (aged 73 years) |
Star sign | Scorpio |
Politics | Liberal Left Party |
Peoplepill ID | waldemar-larssen |
Biography
Waldemar Heggelund Larssen (3. november 1869–6. juni 1943) var ein norsk kjøpmann og politikar, fødd i Øksfjord, som representerte Finnmark og Frisinna Venstre på Stortinget i tida 1922-27.
Far til Larssen var lærar og klokkar i Øksfjord. Sjølv var han fiskar til han reiste til Tromsø, der han i 1889 tok eksamen ved Tromsø Seminarium. Dei neste 18 åra til 1907 var han lærar i Sarnes og Honningsvåg. Frå 1907 dreiv han landhandel og kjøp og sal av fisk i Storbukt, straks nord om sjølve Honningsvåg. Dessutan eigde han eit fiskebruk ved Kamøyvær.
Larssen var ordførar i Kjelvik herad i ni år, 1908–16. Hausten 1921 vart han vald til stortingsmann på ei fellesliste for Frisinnede Venstre og partiet Høgre, attvald tre år seinare. Den fyrste treårsperioden var han medlem i Protokollkomitéen, i den andre i Næringskomitéen. I dei fleste tingsesjonane fekk Larssen lengre permisjonar for å kunne drive forretningsverksemda si.