Quantcast
peoplepill id: unni-askeland
UA
1 views today
1 views this week
Unni Askeland

Unni Askeland

Norwegian painter
Unni Askeland
The basics

Quick Facts

Intro Norwegian painter
Is Painter Artist Graphic artist
From Norway
Type Arts Creativity
Gender female
Birth 7 June 1962, Bergen, Norway
Age 58 years
Star sign Gemini
Family
Spouse: Sverre Koren Bjertnæs
The details

Biography

Unni Askeland (fødd 7. juni 1962 i Bergen) er ein norsk biletkunstnar. Ho har hatt ei rekkje separatutstillingar og delteke på Høstutstillingen, Østlandsutstillingen og Norske Bilder. Askeland har også vist bilete i Göteborg, København, Amsterdam og New York. Kunsten hennar er innkjøpt av mellom andre Nasjonalmuseet, Norsk kulturråd, Rogaland Kunstmuseum og Nordnorsk Kunstmuseum.

Unni Askeland har utdanning frå Oslo Tegne- og Maleskole (1982–1983), Kunstskolen i Kabelvåg (1983–1984), Statens handverks- og kunstindustriskule i Oslo (1984–1985), Vestlandets kunstakademi i Bergen (1985–1986) og Statens Kunstakademi i Oslo (1987–1992). Unni Askeland har fleire gonger fått merksemd i norske massemedium. Mellom anna vart mange provoserte då ho i 2004 viste ein serie litografi og måleri som ho kalla Munchadopsjoner og som inneheldt omarbeidde versjonar av dei kjende motiva til Edvard Munch. Eit av bileta var «Vampyr» måla med hoggtenner. Utstillinga vart vist i mellom anna Blomqvist Kunsthandel i Oslo og i Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø..

I samband med utstillinga «Desire-Destruction» i 2006, som viste måleri med kjende personar frå moderne populærkultur, forklarte Askeland at kunsten også må underhalde.. Ho fekk også mykje omtale i februar 2008, då direktør på Nasjonalmuseet Allis Helleland kjøpte inn fire store måleri, 60 filmstillbilete og ein video av henne for 600 000 kroner mot tilrådinga frå innkjøpskomiteen på museet. Dei tre største måleria viste filmstjernene Humphrey Bogart og Ingrid Bergman og var laga i ein biletstil som mange opplevde som ein pastisj på dei populære plakatportretta til Andy Warhol i silketrykkteknikk.

Unni Askeland var i fleire år sambuar med musikaren Eric Andersen, som ho har fire ungar med, og vart på 1980- og 90-talet ein del av kunstnarmiljøet omkring Bob Dylan og andre musikarkjendisar i New York. Ho var mellom anna med på performanceprosjekt med Lou Reed. Askeland bur og arbeider på Kløfta nordaust for Oslo. Ho er gift med målaren og Odd Nerdrum-eleven Sverre Bjertnæs.

Kjelder

Fotnotar

  1. Døme på Unni Askeland sine Munchadopsjoner frå 2004
  2. «Mener norsk kunst er gørr kjedelig» av Børre Haugstad på VG.no (30.12.2005)
  3. «Slakter Unni Askelands kunst» av Anne Mari Waagaard på RB.no (15.02.2008)

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
comments so far.
Comments
Reference sources
References
http://www.gallerimunch.no/FORMAskeland.htm
http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=111954
http://www.rb.no/lokal_kultur/article3351618.ece
http://www.kik.no/person.jsp?id=T1451231&visalt=1
http://www.7011.biz/sitepageview.aspx?sitePageID=1014
http://www.gallerimunch.no/Askeland.htm
https://viaf.org/viaf/229277929
http://isni.org/0000000366052199
arrow-left arrow-right arrow-up arrow-down instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube stumbleupon comments comments pandora gplay iheart tunein pandora gplay iheart tunein itunes