Quantcast
peoplepill id: torjus-loupedalen
TL
1 views today
1 views this week
Torjus Loupedalen

Torjus Loupedalen

Norwegian author
Torjus Loupedalen
The basics

Quick Facts

Intro Norwegian author
Was Writer
From Norway
Type Literature
Gender male
Birth 13 March 1895
Death 23 July 1954 (aged 59 years)
Star sign Pisces
The details (from wikipedia)

Biography

Torjus Knutsson Loupedalen (13. mars 1895–23. juli 1954) var ein norsk lærar og forfattar frå Brunkeberg i Telemark. Knut Loupedalen var far hans.

Torjus Loupedalen gjekk Bladmannaskulen i Bergen i 1920, før han var journalist i Gula Tidend. I 1925 tok han lærarskuleeksamen. Åra 1927-29 var han journalist i Oslo-avisa Den 17de Mai. Frå 1930 til -40 var Loupedalen lærar i Vest-Telemark. Under andre verdskrigen var han ein av dei leiande i det illegale arbeidet i heimbygdene.

Loupedalen var mykje oppteken av bygdesoge. Han samla minne om gammal skitradisjon og gav i 1947 ut Morgedal, skisportens vogge. I 1956, etter han var død, kom det fyrste bandet av Kviteseid bygdesoge, eit verk skrive av Loupedalen. Han gjorde grundig granskararbeid, og utmerka seg elles med ei skriftnorn prega av «hans målande, stilsikre nynorsk, farga» av målføra i Vest-Telemark, skriv Olav S. Bjåland i Norsk Allkunnebok.

Kjelder

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes