peoplepill id: paul-olsen-thrane
POT
Norway
1 views today
2 views this week
Paul Olsen Thrane
Norwegian businessperson

Paul Olsen Thrane

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian businessperson
From
Work field
Gender
Male
Star sign
SagittariusSagittarius
Birth
5 December 1751, Enebakk, Akershus, Norway
Death
15 February 1830, Fredrikstad, Østfold, Eastern Norway, Norway (aged 78 years)
Age
78 years
The details (from wikipedia)

Biography

Paul Olsen Thrane (fødd 5. desember 1751 i Enebakk, daud 15. februar 1830 i Fredrikstad) var ein norsk forretningsmann og ein av Christianias mektige menn tidleg på 1800-talet.

Biografi

Thrane studerte handelsfaget under justisråd Peter Elieson frå Hafslund (tettstad) og kjøpmann Dørcker i Frederikshald, og gifta seg med dottera til Dørcker, Kristin Marie, i 1778.Paret flytta til Christiania (1780), der han fekk engasjement ved Bordtomtene nokon år, før han kjøpte Tiedemanns Tobaksfabrik på Vaterland (1784).Fabrikken vart drive under namnet Paul Olsen Thrane Tobaks-fabrique, flytta til torget i byen (1787) og selt til Claus Winther (1816).Thrane dreiv òg innan trelast.

Han var i borgarforsamlinga i byen (1794–1800), og dessutan utnemnd til forlikskommissær (1809–12).I denne tida vart han den første stadthauptmann i Christiania borgervæbning (1801). Tidlegare hadde  Thranevore med på etableringa av Det Dramatiske Selskab der han òg var skodespelar (1799) og av det første musikalske selskapet i byen, Det musicalske Lyceium (1810). Sjølv om Thrane var kjent som antirojalist var hannær ven av, og forlovar for naboen sin på Bygdøy, prins og vise-statthaldar Frederik av Hessen (1813).

Han åtteThranes løkke ved dagens Rodeløkka, og dessutan Henningslyst på Bygdøy (1802–19).I heimtraktene sine ved Sarpsborg kjøpte Thrane  Borregaard (1812) og Borregaard Hovedgård der han tidvis budde (1814–1818).Frå Jørgen Young kjøpte han Youngsløkken (ved dagens Youngstorget, 1818) og budde sjølv i Storgata 3 (huste står enno). Han varstortingsrepresentant 1818–1820 for Christiania.

Etterkvart fekk han store finansielle problem med Borregaard, og saman med ein storbrann i eigedomane hans på Bordtomtene (1819) innstilte han betalingar i to periodar (1820, 1826) og selde alt i ein konkurs (1828).Han flytta så til Fredrikstad.

Utmerkingar

  • Vasaordenen
  • Dannebrogordenen
  • Justisråd

Kjelder

  1. geneologi fra nermo.no
  2. biografi fra Runeberg.
  3. William Thrane og "Adressetidende" fra Porsgrunn folkebibliotek
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 24 Jul 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Paul Olsen Thrane is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Reference sources
References
Paul Olsen Thrane
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes