Quantcast
peoplepill id: oystein-vidnes
�V
1 views today
1 views this week
Øystein Vidnes

Øystein Vidnes

Norwegian writer
Øystein Vidnes
The basics

Quick Facts

Intro Norwegian writer
Is Writer
From Norway
Type Literature
Gender male
Birth 18 August 1976, Fiskåbygd, Norway
Age: 44 years
Star sign LeoLeo
The details

Biography

Øystein Vidnes (fødd 18. august 1976 i Fiskå i Vanylven) er ein norsk forfattar, formgjevar og omsetjar. Han er busett i Leikanger.

Vidnes fullførte vidaregåande skule i Volda i 1995, og vart våren 1999 cand.mag. ved Universitetet i Bergen med mellomfag i medievitskap og allmenn litteraturvitskap. Han gjekk ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i året etter. Vidnes har skrive to bøker til no, Bondeforteljingar frå 2002 og Ekstasar frå 2006, og har i 2009 omsett ein del dikt av Fernando Pessoa og romanen Veslebror ser deg av Cory Doctorow. Mellom 2005 og 2013 har han vore formgjevar i tidsskriftet Vagant og bokmeldar i Morgenbladet. Han lagar bokomslag og bøker for forlag i Noreg og Danmark.

Bøkene hans er humoristiske og eksperimentelle, og til tider nesten surrealistiske. Bondeforteljingar inneheld moderne og ironiske versjonar av tradisjonelle bondeforteljingar, og han parodierer også stereotypiar av bønder. I Ekstasar møter lesaren ein ein mentalt ustabil ordførar som brått vert anarkist.

Vidnes fekk i 2010 Kulturdepartementet sin pris for beste omsetjing for boka Veslebror ser deg. Vidnes har vunne fleire prisar i kåringa Årets vakreste bøker. I 2015 fekk han tildelt gull for utforminga og illustrasjon av romanen MS Liv av Rolf Sagen.

Bibliografi

Bøker

  • 2002 – Bondeforteljingar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6115-4
  • 2006 – Ekstasar : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6867-1
  • 2009 – Globaliseringsboka (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7347-5  [Av: Teresa Grøtan ; illustrasjonar: Øystein Vidnes]

Gjendiktingar - eit utval

  • 2009 – 2 dikt om modernitet (Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-02-29139-6  [Av: Alvaro de Campos og Fernando Pessoa ; gjendikta av Øystein Vidnes]
  • 2012 – Alberto Caeiros poesi (Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-02-36809-8  [Av: Fernando Pessoa ; gjendikta av Øystein Vidnes]

Omsetjingar - eit utval

  • 2009 – Veslebror ser deg : roman (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7331-4  [Av: Cory Doctorow ; omsett frå engelsk av Øystein Vidnes]
  • 2013 – Jenta (Oslo: Skald) . ISBN 978-82-7959-189-4  [Forfattar: Angelika Klüssendorf. Originaltittel: Das Mädchen. Frå tysk ved Øystein Vidnes]
  • 2016 – Frankenstein eller den moderne Prometevs (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-249-5  [Av: Mary Shelley ; omsett frå engelsk av Øystein Vidnes]
  • 2017 – Tre kvinner : noveller (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-256-3  [Forfattar: Robert Musil. Originaltittel: Drei Frauen. Frå tysk ved Øystein Vidnes]

I bøker - eit utval

  • 2016 – Fantasiboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-239-6  [Av innhaldet: Dei beinlause / Øystein Vidnes]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
comments so far.
Comments
Reference sources
References
http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=28&id=1291
http://skald.no/personar/oystein_vidnes/
http://samlaget.no/collections/oystein-vidnes
http://www.oysteinvidnes.org
http://skrift.no/vidnes
//www.worldcat.org/identities/lccn-n2003-033707
http://bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com/primo_library/libweb/action/dlSearch.do?institution=BIBSYS&vid=BIBSYS&search_scope=blended_scope&query=lsr39,exact,2099554
https://viaf.org/viaf/9219661
http://d-nb.info/gnd/1027514413
arrow-left arrow-right arrow-up arrow-down instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube stumbleupon comments comments pandora gplay iheart tunein pandora gplay iheart tunein itunes