peoplepill id: oystein-vidnes
ØV
Norway
1 views today
1 views this week
Øystein Vidnes
Norwegian writer

Øystein Vidnes

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian writer
From
Work field
Gender
Male
Place of birth
Fiskåbygd, Norway
Age
47 years
The details (from wikipedia)

Biography

Øystein Vidnes (fødd 18. august 1976 i Fiskå i Vanylven) er ein norsk forfattar, formgjevar og omsetjar. Han er busett i Leikanger.

Vidnes fullførte vidaregåande skule i Volda i 1995, og vart våren 1999 cand.mag. ved Universitetet i Bergen med mellomfag i medievitskap og allmenn litteraturvitskap. Han gjekk ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i året etter. Vidnes har skrive to bøker til no, Bondeforteljingar frå 2002 og Ekstasar frå 2006, og har i 2009 omsett ein del dikt av Fernando Pessoa og romanen Veslebror ser deg av Cory Doctorow. Mellom 2005 og 2013 har han vore formgjevar i tidsskriftet Vagant og bokmeldar i Morgenbladet. Han lagar bokomslag og bøker for forlag i Noreg og Danmark.

Bøkene hans er humoristiske og eksperimentelle, og til tider nesten surrealistiske. Bondeforteljingar inneheld moderne og ironiske versjonar av tradisjonelle bondeforteljingar, og han parodierer også stereotypiar av bønder. I Ekstasar møter lesaren ein ein mentalt ustabil ordførar som brått vert anarkist.

Vidnes fekk i 2010 Kulturdepartementet sin pris for beste omsetjing for boka Veslebror ser deg. Vidnes har vunne fleire prisar i kåringa Årets vakreste bøker. I 2015 fekk han tildelt gull for utforminga og illustrasjon av romanen MS Liv av Rolf Sagen.

Bibliografi

Bøker

  • 2002 – Bondeforteljingar(Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6115-4
  • 2006 – Ekstasar : roman(Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6867-1
  • 2009 – Globaliseringsboka(Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7347-5 [Av: Teresa Grøtan ; illustrasjonar: Øystein Vidnes]

Gjendiktingar - eit utval

  • 2009 – 2 dikt om modernitet(Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-02-29139-6 [Av: Alvaro de Campos og Fernando Pessoa ; gjendikta av Øystein Vidnes]
  • 2012 – Alberto Caeiros poesi(Oslo: Flamme) . ISBN 978-82-02-36809-8 [Av: Fernando Pessoa ; gjendikta av Øystein Vidnes]

Omsetjingar - eit utval

  • 2009 – Veslebror ser deg : roman(Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7331-4 [Av: Cory Doctorow ; omsett frå engelsk av Øystein Vidnes]
  • 2013 – Jenta(Oslo: Skald) . ISBN 978-82-7959-189-4 [Forfattar: Angelika Klüssendorf. Originaltittel: Das Mädchen. Frå tysk ved Øystein Vidnes]
  • 2016 – Frankenstein eller den moderne Prometevs(Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-249-5 [Av: Mary Shelley ; omsett frå engelsk av Øystein Vidnes]
  • 2017 – Tre kvinner : noveller(Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-256-3 [Forfattar: Robert Musil. Originaltittel: Drei Frauen. Frå tysk ved Øystein Vidnes]

I bøker - eit utval

  • 2016 – Fantasiboka : nynorske forteljingar(Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-239-6 [Av innhaldet: Dei beinlause / Øystein Vidnes]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Øystein Vidnes is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Reference sources
References
Øystein Vidnes
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes