peoplepill id: orjan-drange
ØD
Norway
1 views today
2 views this week
Ørjan Drange
Norwegian writer

Ørjan Drange

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian writer
From
Work field
Gender
Male
Birth
Place of birth
Bergen, Norway
Age
46 years
The details (from wikipedia)

Biography

Ørjan Drange (fødd 11. juni 1978 i Bergen) er ein norsk forfattar.

Drange voks opp på Sand i Ryfylke. Då han hadde fullført vidaregåande skule, gjekk han eitt år på Nansenskolen på Lillehammer, der han valde skrivekunstlina. Etter å ha fullført militærteneste, studerte han ved Universitetet i Bergen i to år, der han tok historie grunnfag og nokre andre fag. I 2003 debuterte Drange som forfattar med boka Under steinbølgene, ein sciencefiction-roman som er skriven på nynorsk. Sidan 2004 har han jobba som assistent for utviklingshemma i Bergen kommune.

Under steinbølgene er den einaste romanen Drange til no har skrive. Boka omhandlar eit oppdikta og gjennomført univers der eit telepatisk nettverk rår over menneska. Dei to unge mennene Munder og Ikar er eg-personane i boka, og ein følgjer dei i parallelle handlingar medan dei er i teneste for «Sjeleveven», men også somme tider utanfor «veven» sin kontroll.

Elles har han hatt eit par kortprosatekstar på trykk i tidsskriftet Ratatosk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Ørjan Drange is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Reference sources
References
Ørjan Drange
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes