Ole Walaas Selvaag
Quick Facts
Biography
Ole Walaas Selvaag (1. februar 1870–24. juni 1930) var ein norsk distriktslækjar og politikar, fødd i Hjelmeland og busett i Vanse i Vest-Agder. Han var far til Olav Selvaag.
Selvaag var son til ein skipper. Sjølv vart han student frå Aars & Voss skule i Kristiania i 1888 og var utdanna cand.med. sju år seinare. I januar 1896 byrja han som lækjar i Vanse på Lista, og vart der verande til han døydde 34 år etter, frå 1915 med tittelen distriktslækjar.
Frå 1901 til 1919 var Selvaag medlem i heradsstyret i Vanse, der etter i heradsstyret i Lista til han døydde. Han var 1904-19 ordførar i Vanse, 1922-25 i Lista. I Vanse var han elles formann i verjerådet, i fabrikktilsynet frå 1909, ordførar i helserådet frå 1911 og styreformann 1922-26 i elektrisitetsverket. Stortingsperioden 1916-18 representerter han einmannskrinsen Lister og partiet Venstre på Tinget, sekretær i Næringskomite nr 2.