Quantcast
peoplepill id: nicolai-jenssen
NJ
1 views today
1 views this week
Nicolai Jenssen

Nicolai Jenssen

Nicolai Jenssen
The basics

Quick Facts

From Norway
The details (from wikipedia)

Biography

Jens Nicolai Jenssen (14. desember 1792–29. august 1867) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar og stortingsmann frå Trondheim. Hans Peter Jenssen var ein ynge bror. Ei syster var gift med Henrik Hagerup.

Jenssen var son til ein grosserar. Etter å ha gått den borgarlege realskulen i fødebyen, tok han vidare merkantil utdanning på ein skule i Cumberland i England. Han tok handelseksamen i 1818 og dreiv saman med mellom andre broren Hans Peter Jenssen firmaet Jenssen & Co. frå 1821. I 1839 skipa han sitt eige handelsfirma, N. Jenssen. Jenssen kjøpte Verdals-godset 1832 og eigde også godset Mostadmarka. I tillegg var han skipsreiar og børskommissær.

Jenssen representerte Trondheim på stortinga 1833 og 1836, Omframtstortinget 1836-37 og Stortinget 1842. I 1845 og 1854 representerte han valkrinsen Trondheim og Levanger på stortinget. Han var medlem 1833, 1836 og 1842 i Bankkomiteen, og formann i 1845 og 1854. Elles var han i 1833 sekretær i komiteen om statskassemidlane og Bodø-saka, medlem 1836 i komiteen om brannvesen i byane, og 1836-37 medlem i Budsjettkomiteen og sekretær i flaggkomiteen. I 1845 var han med i komiteen om trontalen og i Valkomiteen, og til sist var han i 1854 også medlem i Valkomiteen og i komiteen om nøytralitetsløyvingar.

Kjelder

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes