peoplepill id: laurentius-koren
LK
Norway
2 views today
2 views this week
The basics

Quick Facts

From
Work field
Gender
Male
Place of birth
Eigersund, Rogaland, Norway
Place of death
Kristiania, Norway
Age
88 years
The details (from wikipedia)

Biography

Laurentius Stub Koren (25. mars 1804–7. august 1892) var ein norsk prest og stortingsmann frå Eigersund. Amtmann Ulrik Koren var far hans. Hans Jacob Grøgaard var svigerfaren hans.

Koren vart student frå Bergens katedralskole i 1823 og vart cand. theol. i 1827. Same året vart han tilsett som prest i Vanylven, eit embete han styrte i seks år. Deretter var han i mange år, 1833-59, sokneprest i Fjellberg. Sidan var han i 22 år sokneprest i Fredrikstad. Frå 1843 til 1879 var han i tillegg prost i høvesvis Sunnhordland og Nedre Borgesyssel. Koren slutta prestegjerninga i 1881.

Koren var 4. representant frå Søndre Bergenhus amt på Stortinget i 1845, medlem av kyrkjekomite nr 1. Til Stortinget 1848 var han 1. varamann, og møtte då på tinget i staden for Ludvig Kristensen Daa.

Koren vart tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Då han slutta som prest, busette han seg i Kristiania. Han døydde der i 1892.

Kjelder

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 07 Jul 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Laurentius Koren is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Reference sources
References
Laurentius Koren
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes