Kristin Skogheim
Quick Facts
Biography
Kristin Janette Skogheim (fødd 3. april 1970) er ein norsk skodespelar, komikar og programleiar på TV 2.
Ho er kjent som medlem av komikertrioen Melonas. Skogheim forfatta manuset til novellefilmen Nora i Ekko av Ibsen-serien, som vart vist på NRK våren 2006. I tillegg skal ho skrive manuset til ein ny barneserie på NRK, som vart filma hausten 2008.
Ho vart tilsett i TV 2 i november 2007. Her har ho vore programleiar for I de beste familier og dessutan Skogheims på TV 2. For Skogheims vann ho klassa beste kvinnelege programleiaren under Gullruten 2009.
Skogheim kjem opphavleg frå Seljord, men er i dag busett i Oslo. Kristin Skogheim var i 1998–1999 gift med Kristopher Schau og er no gift med Lars Gudmestad.
Utover hausten 2009 var òg ho blant anna med i konkurransen Camp Senkveld i programmet Senkveld med Thomas og Harald på TV2.
I 2010 var Kristin Skogheim programleiar for Skogheim flytter inn på TV 2.
Filmar
- 2001: Amatørene (Helles syster)
- 2001: Ingenmannsland (Linn)
- 2002: Folk flest bor i Kina - Heimat (Marion)
- 2005: Ønskebrønnen (Ingrid, Rasmus mor)
- 2005: Pitbullterje (Astrid, Jims mor)
- 2006: De 7 dødssyndene - Grådighet
- 2008: Kurt blir grusom (stemme)
- 2010: Asfaltenglene (Abrahamsen)
TV-seriar
- 1996: Offshore (Solveig Dokken Bjerke)
- 1999: TvTv (Eirin Sædberg)
- 2001: Fox Grønland (Marianne Mikkelsen)
- 2002 - 2006: Melonas (diverse rollar)
- 2009: STorsdag kveld fra Nydalen (diverse rollar)
- 2009: Den store klassefesten (pytagoras damer)
Deltaking
- 2000: Helt privat (programleiar)
- 2005: Guru (seg sjølv)
- 2006: Golden Goal (gjest)
- 2006: 9 av 10 nordmenn (gjestedeltakar)
- 2008: I de beste familier (programleiar)
- 2008: Vil du bli millionær? (medhjelpar)
- 2008: Torsdagsklubben (gjest)
- 2009: Manshow (gjest)
- 2009: Senkveld med Thomas og Harald (gjest)
- 2009: Nytt på nytt (gjest)
- 2009: Skogheims (programleiar)
- 2009: Fredag (gjest)
- 2010: TV 2s Artistgalla (programleiar)
- 2010: Skogheim flytter inn (programleiar)
- 2010: Lurt av Karlsen (seg sjølv)