peoplepill id: katrine-sele
KS
Norway Denmark
1 views today
1 views this week
Katrine Sele
Norsk journalist og forfattar

Katrine Sele

The basics

Quick Facts

Intro
Norsk journalist og forfattar
Gender
Female
Birth
Place of birth
Copenhagen, Capital Region of Denmark, Denmark
Age
52 years
The details (from wikipedia)

Biography

Katrine Sele (fødd 1972) er ein norsk journalist og forfattar. Ho er fødd i København, vaks mellom anna opp i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore, og er busett på Vassenden i Jølster kommune.

Sele har vore tilsett i avisa Firda i Førde sidan 1998, der ho i hovudsak arbeidde som kulturjournalist og -kritikar.

Ho har gjeve ut artikkelsamlinga Månen er så liten som ein katt (2000), Tvisynt tvilar - eit Oddvar Torsheim-portrett (2001) og Herifrå (2006), eit samtidsdokument om Sogn og Fjordane og Kenneth – historia om Kenneth Sivertsen (2013).

Sele er tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag i 2000 og 2005, Sivleprisen (Sivlelaget) i 2008 for framifrå nynorsk, og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012.

I 2013 vart ho tilsett som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Bibliografi

Bøker

  • 199? – Zuid en noord <utstillingskatalog> = Nord og sør(Dordrecht) [Tekst av Katrine Sele]
  • 2000 – Månen er så liten som ein katt : 39 born fortel(Førde: Selja) . ISBN 82-91722-11-0I fulltekst ved nb.no
  • 2001 – Tvisynt tvilar : eit portrett av Oddvar Torsheim(Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-025-0 [Foto: Oddleiv Apneseth]
  • 2006 – Herifrå(Førde: Selja) . ISBN 82-91722-69-2 [Oddleiv Apneset [foto]]
  • 2013 – Kenneth : historia om Kenneth Sivertsen(Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-8318-4
  • 2017 – Jølster hotell : historier frå eit asylmottak(Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-9240-7

I bøker - eit utval

  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar(Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-521-7151-8 [Av innhaldet: Rosa prinsesse bestemmer alt / Katrine Sele]
  • 2007 – Eventyrboka(Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-138-2 [Av innhaldet: Kokken frå Calabria / Katrine Sele]
  • 2011 – Trøysteboka(Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-166-5 [Av innhaldet: Rita for alltid / Katrine Sele, s. 162-173]
  • 2013 – Det fleirspråklege Noreg(Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-190-0 [Av innhaldet: Kose med deg på Sande / Katrine Sele, s. 58-69]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord(Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2 [Av innhaldet: Eg var der, men du var ein annan plass / Katrine Sele]

I tidsskrift - eit utval

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 21 Jul 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Katrine Sele is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Reference sources
References
Katrine Sele
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes