peoplepill id: geir-sverre-braut
GSB
Norway
1 views today
1 views this week
Geir Sverre Braut
Norwegian physician

Geir Sverre Braut

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian physician
From
Work field
Gender
Male
Age
69 years
The details (from wikipedia)

Biography

Geir Sverre Braut (fødd 16. januar 1955) er ein norsk lege som sidan 1985 har vore tilsett i den statlege helseforvaltinga. Frå 2014 er han seniorrådgjevar ved Stavanger universitetssjukehus og professor i helsefag ved Høgskolen Stord/Haugesund. Braut bur på Bryne på Jæren.

Braut var assisterande fylkeslege i Rogaland frå 1985 til 1994 og fylkeslege i Rogaland frå 1994 til 2001, avbrote av eit engasjement i Sosial- og helsedepartementet (1999). Han fungerte som fylkeslege i Telemark (2001). Han var assisterande direktør i Statens helsetilsyn i perioden 2001 – 2013. Han har tidlegare hatt deltidsstillingar som lektor (helseadministrasjon) ved NHV og som førstelektor II ved Høgskolen Stord/Haugesund (helse- og tryggleiksfag).

Braut er cand. med. frå Universitetet i Oslo (1980) og godkjent spesialist i samfunnsmedisin (1997). Han har folkehelseutdanning frå Nordiska hälsovårdshögskolan (NHV) i Göteborg (1991).

Han har dessutan følgjande verv:

  • Norsk forum for helserett - medlem av styret, styreleiar frå 2007
  • Lærdals fond for akuttmedisin – leiar av fondsstyret
  • Norsk selskap for gjenoppliving AS - styremedlem

Nokre tidlegare verv:

  • Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) - styremedlem (2000-2008)
  • Den norske lægeforening, medlem av sentralstyret (1992-1994)
  • Norsk katastrofemedisinsk forening - medlem av styret.

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 18 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Geir Sverre Braut is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Reference sources
References
Geir Sverre Braut
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes