peoplepill id: christian-qvale
CQ
Norway
1 views today
1 views this week
Christian Qvale
Norwegian priest and politician

Christian Qvale

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian priest and politician
From
Work field
Gender
Male
Religion(s):
Star sign
Place of birth
Kvinesdal, Vest-Agder, Norway
Place of death
Vefsn, Nordland, Norway
Age
71 years
The details (from wikipedia)

Biography

Christian Qvale (8. desember 1774–18. mars 1846) var ein norsk prest, ordførar og stortingsmann, fødd i Kvinesdal.

Qvale var son til ein prest. Han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1794 og cand. theol. fem år seinare. Frå 1800 til 1810 var han sokneprest i Hammerfest, sidan i Nesna til 1820. Tida 1820-46 var han sokneprest i Vefsn.

Qvale var 1. representant frå Nordlands amt på Stortinget i 1827 og på omframstortinget året etter. I 1827 var han medlem av komiteen om fiskeria, kanalanlegg i Helgeland og om reinskyss. Han var den fyrste ordføraren i Vefsn.Som prest og representant for bygdefolket i Vefsn gjorde han ein innsats for at soknet fekk kjøpe Dolstad kyrkje, etter at private aktørar først hadde fått tilslaget då Det nordlandske kyrkje- og skulefond selde kyrkja på auksjon.

Han døydde på prestegarden i Vefsn.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 22 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Christian Qvale is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Reference sources
References
Christian Qvale
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes