peoplepill id: abelone-mogster
AM
Norway
1 views today
1 views this week
Abelone Møgster
Norwegian resistance fighter

Abelone Møgster

The basics

Quick Facts

Intro
Norwegian resistance fighter
From
Work field
Gender
Female
Age
92 years
Awards
King's Medal of Merit
 
The details (from wikipedia)

Biography

Abelone Karia Larsdotter Møgster(29. oktober 1883–25. november 1975) frå øya Møkster i Austevoll kommune var ei norsk motstandskvinne under den andre verdskrigen.

Ho starta landhandel i eit naust i Vestrevågen på Møkster i 1910. På 1920-talet lånte ho pengar for å lage veg til Naustvågen lenger sør på øya. Der ville ho bygge ny butikk. Ho meinte at det ville gi betre hamneforhold. Etter at vegen var ferdig bygde ho kai og ny landhandel i Naustvågen. Denne stod klar på siste del av 1920-talet, truleg i 1927. Frå denne landhandelen dreiv ho handel med «spisendes og slitendes», som ho sjølv kalla det. Ho dreiv og fiskemottak og rutebåtekspedisjon, for fiskarane og øyfolket.

Den 25. juni 1942 vart Møgster arrestert av tyskarane for å ha hjelpt englandsfararar under flukt frå Noreg. Ho var utsettfor tortur og overført til Bergen kretsfengsel. Seinare vart ho send til Grini. Derifrå gjekk ferda vidare til kvinneleiren Ravensbrück som NN-fange. Ved årsskiftet 1944/1945 vart ho overført til fangeleiren Mauthausen i Austerrike. Mauthausen var ein rein utryddingsleir. I midten av mars 1945 kom ho med den siste av Folke Bernadottes kvite bussar som henta fangar i denne leiren. Ferda gjekk så via Danmark til rehabiliteringsleir i Sverige. Tidleg i juni 1945 kom ho endeleg attende til Noreg og Møkster.

Abelone Møgster var den eldste norske kvinna som overlevde fangenskapet som NN-fange. I fangenskap fekk ho tilnamnet «Engelen frå Ravensbrük». Etter krigen fekk ho Kongens fortjenstmedalje i gull forinnsatsen for Noreg.

Abelone Møgster var ugift.

Ved tusenårsskiftet var Abelone Møgster ein av ti som vart nominert til utmerkinga som Århundrets vestlending av avisa Bergens Tidende.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 05 Apr 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.
Lists
Abelone Møgster is in following lists
comments so far.
Comments
From our partners
Sponsored
Abelone Møgster
arrow-left arrow-right instagram whatsapp myspace quora soundcloud spotify tumblr vk website youtube pandora tunein iheart itunes