Wilhelm von Munthe af Morgenstierne
Quick Facts
Biography
Wilhelm Hermann Ludvig von Munthe af Morgenstierne (27. desember 1855–1939) var ein norsk offiser. Bredo Morgenstierne var bror hans.
Morgenstierne vart offiser i infanteriet i 1877 og gjorde 1882-1907 teneste i generalstaben. Tida 1891-1907 underviste han ved krigsskulen, medan han som militærstipendiat vitja den gresk-tyrkiske krigen 1897. I 1907 forfremja til oberst. Frå 1912 generalmajor og sjef for 4. brigade i Bergen og samstundes kommandant på Bergenhus til 1923.
Morgenstierne var elles formann 1888-92 i Norsk Husflids Venner og 1889-93 sekretær i Den Norske Turistforening. Han gav ut bøkene Foredrag over den tysk-franske krig 1870-71 i 1894 og Uddrag av Norges krigshistorie i 1906. Frå 1885 til 1910 var han utgjevar av den årlege Norges militærkalender.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Wilhelm von Munthe af Morgenstierne» frå Wikipedia på svensk,den 5. juni 2018.