Unni Berge
Quick Facts
Biography
Unni Berge (fødd 16. mars 1979) er ein norsk SV-politikar, statsvitar og forfattar. Ho er fødd i Bygstad i Gaular kommune og busett i Oslo.
Biografi
Berge er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo og skreiv masteroppgåva Petroleumsaktivitet i Barentshavet: Konflikt eller sameksistens. I 2006 jobba ho som fagansvarleg for oljesaker i Miljøstiftelsen Bellona. Frå 2007 til april 2012 jobba ho med løysingar på klimaproblemet i miljøstiftelsen ZERO. I april 2012 gikk Berge over til å vere politisk rådgjevar for utviklingsminister Heikki Holmås.
Berge vart i 1997 oppnemnd som medlem av Verdikommisjonen som Bondevik si første regjering sette ned for å finne fellesnormer for det norske samfunnet. Ho var leiar for Operasjon Dagsverk sin Jente-kampanje i 1999. Før det var ho leiar av Operasjon Dagsverk i Sogn og Fjordane i tre år. Berge sat i sentralstyret i Natur og Ungdom i perioden 2001–2003. I perioden 2001–2009 sat ho i styret i Sofieprisen. I 2008 vart ho vald inn i Bioteknologinemnda.
Bibliografi
Bøker
- 2002 – Bærekraftig - eller bare kraftig? : en rapport om EU og miljø(Oslo: Natur og ungdom) [Av Tine Larsen, Unni Berge, Erik Rosén]
- 2005 – Petroleumsaktivitet i Barentshavet : en organisasjonsteoretisk analyse av to avgjerdsprosessar(Oslo: U. Berge)I fulltekst ved nb.no [Masteroppgåve i statsvitskap, Universitetet i Oslo]
- 2009 – Feber : historia om norsk olje og gass(Oslo: Cappelen Damm) . ISBN 978-82-0228857-0 [Av Gudmund Skjeldal, Unni Berge]