Tove Lie
Quick Facts
Biography
Tove Lie (fødd 3. april 1963) er ein norsk journalist og redaktør frå Landsjøåsen i Trysil som også har vore forlagsdirektør i Det Norske Samlaget frå 1. september 2008 til 3. februar 2011.
Lie har tidlegare vore ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Nationen. Før dette har ho vore vaktsjef, redaksjonssjef og nyhenderedaktør i same avis, og overtok som ansvarleg redaktør og administrerande direktør3. mars 2005. Før ho byrja i Nationen var Lie mellom anna journalist og konst.redaktør i Ny Tid, journalist i Klassekampen,Arbeiderbladet, Fagbladet og LO-aktuelt. I studietida hennar ved Universitetet i Trondheim var ho òg journalist og redaktør i Under Dusken – studentavisa i Trondheim. Lie er cand.mag. med faga sosiologi, psykologi og historie.
Utmerkingar
- Nynorsk redaktørpris i 2005