Torkell Løvland
Quick Facts
Biography
Torkell J. Løvland (28. september 1889–9. november 1976) var ein norsk jurist, konsul og politikar. Løvland var son til statsministeren Jørgen Løvland. Han tok artium i 1910 og studerte så jus ved Universitetet i Oslo. I haustesemesteret 1914 var han leiar av Studentvenstrelaget. Frå 1916 til 1920 var han leiar av Noregs Unge Venstre. På same tid var faren hans kyrkje- og undervisningsminister. Mot slutten av denne perioden hadde landsorganisasjonen til Unge Venstre i praksis gått i oppløysning. Organisasjonen vart oppattliva i 1920 og eit nytt landsstyre vart vald, der Løvland var styremedlem, men etter nokon få år hadde organisasjonen igjen gått i oppløysing.
Torkell Løvland gav i 1929 ut Menn og minner fra 1905, av J. Løvlands papirer frå faren sine etterlatne papir.
Løvland gifta seg 15. august 1918 med Liv Hektoen. Dei fekk dotter Liv Ingeborg Mathilde i 1921 og Tuva (Tove) i 1923.
Fotnotar
Føregjengar Toralv Øksnevad | Leiar av Unge Venstre 1916–1920 | Etterfylgjar Olav Gullvåg |