Tore Aaen
Quick Facts
Biography
Tore Embretsen Aaen (10. mars 1860–17. august 1931) var ein lærar, gardbrukar, statsrevisor og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. Han representerte Venstre. Thore Myrvang var bror hans.
Aaen var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han Tromsø seminar. Då han var ferdig der, 1880, byrja han som lærar i heimbygda Tynset. I 1884 kjøpte han garden Åen og dreiv fram til 1910 som gardbrukar attåt lærargjerninga. I 1915 vart han statsrevisor, slutta då som lærar.
Han var medlem av heradsstyret frå 1893, ordførar 1893-98 og 1901-07. Dessutan var han skulestyreformann, medlem av amtsutvalet, samt åstadskommissær.
Aaen representerte Hedemarkens amt på Stortinget 1903-06 og Nordre Østerdal krins 1906-18. Han var 1903-04 medlem av næringskomite nr 2. Frå 1904 til -15 var han med i protokollkomiteen, sekretær 1910-12 og formann 1913-18 i komiteen. Elles var han sekretær i Odelstinget 1910-12 og i Stortinget 1913-15. I 1918 var han også medlem av utanrikskomiteen.
Kjelde
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914